Heim Nyhende Prispengar til nynorske bøker i skulen

Prispengar til nynorske bøker i skulen

For to år sidan vann Stord kommune prisen som Årets nynorskkommune og 100.000 kroner. I går bestemte ein samrøystes komité for næring, miljø og kultur at dei resterande 70 000 kronene skal gå til nynorske bøker i grunnskulen.

I 2009 føreslo rådmannen at 35 000 kroner av prispengane skulle gå til språkkurs for kommunen sine medarbeidarar, og ein tilsvarande sum til barnelitteraturfestivalen Falturiltu. 20 000 kroner skulle etter hans forslag gå til den kulturelle skulesekken og  10 000 kroner til Stord Mållag.

Politikarane var ikkje samde i rådmannen sitt forslag. Dei gav 10 000 kroner kvar til Falturiltu og Stord Mållag og sette resten av pengane i fond. Hausten 2010 fekk Stord kommune ein søknad frå Stord mållag og Hege Myklebust om midlar til å kjøpe barnebøker til barnehagane i kommunen. Formannskapet gjekk inn for å løyva 10 000 kroner av prispengane til dette prosjektet.

Stord kommune gjekk med underskot i 2009, og dei resterande prispengane som stod i fond blei nytta til å dekkje delar av dette underskotet. Dette skreiv lnk.no om i mai 2010. Kommunalsjef Knut Johannes Gram kan fortelje at dette var ein glepp.

– Økonomiavdelinga tok alle pengar det var muleg å ta for å dekkje underskotet, og prispengane blei nytta utan at nokon visste at dei forsvann. Dette var litt pinleg då vi blei gjort merksame på det, men pengane blei tilbakeførte i 2011, fortel Gram til lnk.no.

I gårsdagens komitemøte var rådmannen sitt forslag til vedtak at dei resterande prispengane skulle nyttast til stipend for kunstnarar med tilknytning og forankring til Stord kommune og at stipendet kunne søkjast til arbeidsoppgåver der kunstnaren nyttar nynorsk.

Heller ikkje denne gongen var politikarane samde i rådmannen sitt forslag. Etter ein del diskusjon og spørsmål rundt kor mykje pengar som faktisk var igjen av prispengane, kom komiteen for næring, miljø og kultur fram til at at dei 70 000 kronene som står igjen av prispengane skal brukast på ei bokpakke til alle grunnskulane i kommunen. Kriteriet for dette er at det skal vere nynorske bøker og gjerne lydbøker. Komiteen føreslo vidare at biblioteket står for innkjøp og fordeling av bøkene.

Det lukkast ikkje lnk.no å få tak i verken leiar eller nestleiar av komiteen då desse sat i møte heile dagen. Komitemedlem Oskar Emil Langeland (KrF) kunne fortelje at komiteen var veldig samde om forslaget som Jens Litlabø (Sp) først tok initiativ til, og at diskusjonen i første omgang dreidde seg rundt kor mykje pengar som faktisk stod igjen av prispengane.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...