Heim Nyhende Program for landstinget til LNK 2019

Program for landstinget til LNK 2019

 
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) inviterer til landsting i Førde 6.-7. juni på Scandic Sunnfjord Hotell. LNK vil samstundes feira 25-årsjubileet sitt. Me håpar alle medlemskommunar, andre medlemmar og alle andre interesserte har høve til å koma.
 
Landstinget er ein viktig møteplass for dei over 100 nynorskkommunane, og me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.
Landstinget har fire hovudtema:
• Den digitale framtidsskulen på nynorsk
• Klarspråk i kommunereforma
• Mediemeldinga og framtida for nynorsk i lokale media
• Med nynorsk på tanken: om korleis stimulera til fleire nynorske kulturproduksjonar gjennom Kulturtanken/DKS.
Til festkvelden kjem Tore Renberg og Tønes for å spela og samtala på Larris Scene på Scandic Sunnfjord Hotell.
Tore Renberg er ein strålande vikar for Ragnar Hovland som først var sett opp saman med Tønes.

Utvida påmeldingsfrist: 24. mai
NB: Hotellet er fullt frå onsdag til torsdag, men det er enno plassar frå torsdag til fredag.

Stadfesta innleiarar:
Atle Hamar, statssekretær (V)
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken
Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør Nynorsk kultursentrum
Ingebjørg Erikstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Ole John Østenstad, rådmann og prosjektleiar for nye Sunnfjord kommune
Bodil Kvamme, teatersjef, Sogn og Fjordane Teater
Hjalmar Eiksund, nestleiar for Nynorsksenteret og prosjektleiar for DigiGLU-prosjektet
Jens Kihl, kommentator i Bergens Tidende
Jorid Saure, prosjektleiar, «Stolt av eige språk»

Me har enno nokre programpostar igjen. Me har sett av éin time til korte presentasjonar av gode nynorsktiltak i kommunane. Har du innspel til tiltak som fleire bør få vita om – ta kontakt med svein@framtida.no!
MELD DEG PÅ HER: https://sfj.pameldingssystem.no/landsting

Utvida påmeldingsfrist: 24. mai
NB: Hotellet er fullt frå onsdag til torsdag, men det er enno plassar frå torsdag til fredag.

Slik kjem du deg til Førde:
Ekspressbussruta Fjordekspressen går frå Bergen og frå Trondheim, og passar slik for både reisande frå nord og sør på Vestlandet.
Det er òg mogleg å ta fly med Widerøe til Førde frå Bergen og Oslo.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...