Heim Nyhende "Elskar " nynorsk på Facebook

«Elskar » nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

Mange av søkjarane til Nynorsk Mediesenter skriv i søknaden at dei har nynorsk som hovudmål, likvel skriv mange av dei bokmål på Facebook og Twitter.

– Slik skriv også folk frå tjukkaste «nynorskland», det er ikkje lenger spesielt for dei som openbert er mest opptekne av å kome seg inn i NRK. Å skrive bokmål på sosiale media og «elske» det i søknaden er ikkje eit sjakktrekk for å kome inn på NRK Nynorsk mediesenter, heller tvert om. At ikkje folk skjønar det har eg vanskeleg for å forstå, skriv Øvrebotten på bloggen sin.

– Det undrar meg meir og meir kor lite folk tenkjer på at det dei skriv og legg ut på sosiale media vert lese av folk dei søkjer jobb hjå. Og at det ikkje nyttar å pynte søknaden når «røyndommen» på Fjesboka riv ned alt, og i vårt tilfelle også avslører at det ikkje er så nøye om dei skriv bokmål eller nynorsk.

Ho legg vekt på at Nynorsk Mediesenter leitar etter folk med språkleg ryggrad til å tole det presset og haldningane nynorsken er utsett for, både i arbeidslivet og privat.

– Språket kan ikkje vere likegyldig for dei, dei må stå ved det og orke alt det ekstraarbeidet det kan medføre å vere nynorskbrukar – både i media og elles. At nynorskbrukarar kan skrive både nynorsk og bokmål held vi for sjølvsagt, det skal dei ha lært på skulen, held ho fram.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...