Heim Nyhende Reagerer på fritak

Reagerer på fritak

Per Arne Michelsen ved Høgskolen i Bergen reagerer på at Kunnskapsdepartementet no går inn for å gi studentar med dysleksi fritak for sidemålsundervisning på allmennlærarutdanninga.

Likestillingsombodet meiner dagens ordning er diskriminerande for studentar med dysleksi og la difor saka fram for Kunnskapsdepartementet. I eit svarbrev legg Kunnskapsdepartementet vekt på at ein no vil opne opp for fritak frå sidemålsundervisninga.

– Under behandlinga vår av saka, vende vi oss til Kunnskapsdepartementet, som sa seg samd i synet vårt og som no vil arbeida for å endra forskrifta, uttalte likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik tidlegare i vår til NPK.

Bakgrunnen for saka er ein allmennlærarstudent som tidlegare fekk fritak frå prøving i sidemål i vidaregåande skule på grunn av dysleksi, men som ikkje har fått fritak frå å skrive både nynorsk og bokmål til eksamen i allmennlærarutdanninga ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Noko departementet meiner er diskriminering.

Ikkje urimelege krav
Dette reagerer seksjonsleiar i norsk ved Høgskolen i Bergen, Per Arne Michelsen sterkt på. Han har difor skrive eit notat om saka som seinare er blitt drøfta i Forum for nynorsk i opplæringa.

– Gjennom heile brevet skriv departementet om fritak frå sidemål. Det er ingenting som heiter sidemål i høgare utdanning. Det er mildt sagt bekymringsverdig at Kunnskapsdepartementet kan sende frå seg brev som avdekkar at departementet ikkje kan halde orden på grunnleggande språklege og språkpolitiske omgrep og manglar elementær kunnskap om språksituasjonen i utdanningsektoren, skriv Michelsen.

Han legg vekt på at ein i høgare utdanning ikkje bruker omgrepet sidemål, men derimot bokmål og nynorsk. Michelsen viser også til at det i forskrifta til rammeplan for grunnskuleopplæringa blir forventa at kandidaten meistrar norsk både munnleg og skriftleg i både bokmål og nynorsk, og at ein kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.

– Dette er ikkje urimelege krav. Likevel slår departementet med sjølvsikker ignoranse fast at det ikkje finst faglege grunnar for å nekte dyslektikarane fritak frå språkkrava. Til det kan ein svare: ein ferdigutanna lærar må ha kvalifikasjonar som gjer at ho kan jobbe kor som helst i landet, i nynorskkommunar så vel som i bokmålskommunar, seier Michelsen.

– Dei språklege krava som vert stilte til lærarstudentane skal blant anna sørge for at elevar kan få opplæring på den målforma dei har krav på, slår han fast.

 – Umogleg
Ørstavik la i intervjuet med NPK vekt på at ho visste om fleire som ikkje hadde fått vitnemål etter å ha fullført allmennlærarutdanninga fordi dei ikkje greidde prøven i sidemål, og at ho difor håpa departementet fekk endringa på plass raskt.

– Grunnen til at lærarstudentar med dysleksi vanskeleg kan få fritak frå kravet om å kunne meistre norsk skriftleg godt, er at studentar med godkjent allmennlærarutdanning får kompetanse til å lære elevar frå og med første klasse å lese og skrive, både elevar som skal ha opplæring på bokmål og elevar som skal ha opplæring på nynorsk. Det er umogleg å gå på akkord med desse kriteria utan at elevane sine grunnleggande rettar til å få opplæring på eige språk blir sett i fare, skriv Per Arne Michelsen.

Styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle, seier seg samd med Michelsen og meiner eit fritak kan føre til at store elevgrupper blir diskiminerte.

– Eg meiner Per Arne Michelsen har heilt rett i det han peikar på. Her er det elevgruppene som må kome først, slår han fast.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...