Heim Nyhende Reagerer på Høgre-utspel

Reagerer på Høgre-utspel

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, er lite nøgd med utspelet frå Erna Solberg om å kutte den skriftlege sidemålsundervisninga. 

– Den sterke nynorskopposisjonen i Høgre har lenge håpa at vedtaket tyder at det framleis skal drivast skriftleg sidemålsundervisning, berre utan karakter. Under vestlandsdebatten fekk både dei og målrørsla eit klårt svar frå Erna Solberg. Ho vil ikkje ha skriftleg sidemålsundervising, fordi Høgre meiner elevane ikkje lenger treng å kunna skriva både bokmål og nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø. 

Under vestlandsdebatten hjå NRK Hordaland 28. august gjer Erna Solberg det klårt at den nye formuleringa om sidemålsordninga i Høgre sitt program berre er nye ord på gamal politikk. I Høgre sitt programvedtak står det: «Bruke tekster både på bokmål og nynorsk i norskfaget gjennom hele skoleløpet. Avvikle ordninga med egen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskolen og den videregående skole».

Les også: – Sidemålet gir elevane angst 

– Tidlegare har Høgre argumentert med at elevane sjølv bør får velja fritt om dei vil læra å skriva sidemålet eller ikkje. No gjer partileiaren det klårt at Høgre vil ta frå dei dette valet. For Noregs Mållag er det viktig at elevane lærar best mogeleg og mest mogeleg norsk. Eit norskfag utan nynorsk vil vere eit halvt norskfag. I dag gjer obligatorisk sidemålsundervisning det mogeleg å nytta nynorsk kvar som helst og når som helst, samstundes som ho sikrar dei språklege rettane til nynorskbrukarane og meir nynorsk i ålmenta, seier Tennø. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...