Heim Nyhende – Reformer har skadd norsk skule

– Reformer har skadd norsk skule

Politikarane har vorte for opptekne av reformer, meiner Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.

Leiar for Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane Gunn Marit Haugsbø fortel at fleire utkantkommunar slit med å få tak i lærarar.

– Dette må politikarane ta ein stor del av skulda for, seier Haugsbø til NRK Sogn og Fjordane.

Ho seier vidare at ho tykkjer skulen har vorte ei politisk slagmark.

– Alle partia slost om å ha den beste skulepolitikken, og så skal dei markere det gjennom ei reform, seier Haugsbø, som ikkje trur det har vore klokt for skulen.

Ho meiner også at alle reformene har svekt omdømmet og rekrutteringa til skulen.

– Omdømmet til skulen har gjort at det ikkje er attraktivt nok for ungdom å velje ei lærarutdanning, seier Haugsbø.

Stortingsrepresentant Tor Bremer (Ap) forstår Haugsbø sin frustrasjon over alle reformene.

– Eg gjev ho rett i at ikkje alle reformene har vore vellukka, seier Bremer til NRK Sogn og Fjordane. (©NPK)

 

Foto: MorgueFile

Førre artikkelI-endingane kan forsvinne
Neste artikkelIkkje overraska

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...