Heim Nyhende Ikkje overraska

Ikkje overraska

Brukarane bør ikkje forvente at alle norske kommunar beherskar sosiale medium, seier Carl Christian Grøndahl, prosjektleiar for sosiale medium i Synlighet.no.

Grøndahl har tidlegare skrive masteroppgåve om kva tyding nye medium har for politisk aktivitet og deltaking, og han er ikkje overraska over at berre ein av fire kommunar bruker sosiale medium, slik mellom anna Nationen melde før helga. Sosiale medium som Facebook, Twitter, YouTube og LinkedIn krev tid og kunnskap som mange kommunar kanskje ikkje synest dei har i dag, trur han. Dermed held ein seg til dei kjende informasjonskanalane som telefon, e-post og heimesider.

– Eg har stor forståing for at ikkje alle kommunar har fått sett seg inn i korleis dei skal bruke desse nye kommunikajonsverktøya, seier Grøndahl.

Han er meir oppteken av at kommunane som ikkje bruker sosiale medium aktivt går glipp av arenaer for informasjonsutveksling og dialog. Ved å bruke Facebook og Twitter aktivt kan ein skape arenaer kor kommunen kan svare på spørsmål og få innspel frå brukarane sine.

– Ein av dei store fordelane med å kommunisere med brukarane sine på denne måten, er at når ein får svar, så får fleire svar samtidig. Det er ressurssparande.

Samstundes vil innbyggjarane gjerne oppleve å bli sett og høyrd på ein betre måte via sosiale medium.

– Kan det vere at kommunane synest det er litt skummelt å skulle byrje å kommunisere på dese plattformane?

– Det kan hende. Men då skal ein hugse på to ting: Du snakkar på vegner av arbeidsplassen din, og det du seier skal tåle å bli høyrd av mange. Legg ein seg på minnet at ein slik dialog er ein open dialog, så bør det gå greitt.

– Kor skal ein byrje, viss ein vil kome i gang med å bruke sosiale medium?

– Eg vil tilrå at ein byrjar med Facebook. For det første er det den mest brukte arenaen i dag, kor nær halvparten av Noreg befinn seg. Facebook er og lett å bruke og krev lite teknisk innsikt. Og ein av dei største styrkane til Facebook er at det er underlagt så strenge konvensjonar. Sida ser lik ut, uansett kven som brukar ho, og ho er lett å navigere i. Dessutan kan du gjere Facebook-sida di tilgjengleg også for dei som ikkje er medlemer av dette nettstamfunnet.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...