Nesten 8.400 lærarar har i år søkt om vidareutdanning. Det er ein auke på over 1.000 samanlikna med i fjor, ifølgje Utdanningsdirektoratet.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier det høge søkjartalet viser at det er eit stort ønskje blant lærarar om å heve kompetansen.
LES OGSÅ: Meiner kunst- og handverk blir nedprioritert i Lærarløftet
– No er det viktig at kommunane godkjenner søknadane slik at lærarane kan få den vidareutdanninga dei ønskjer og treng. Regjeringa vil skjerpe krava til fagleg fordjuping for lærarar i matte, norsk og engelsk, og dette vil det vere kommunanes ansvar å følgje opp, seier Isaksen.
Leiar Ragnhild Lied i Utdanningsforbundet meiner dette vil komme elevane til gode.
– Dette vil styrke opplæringa til elevane, og eg trur elevane vil møte endå meir motiverte lærarar, seier Lied til (©NPK) NRK.