Bente Riise vert ny redaktør for sakprosa i Det Norske Samlaget.
Bente Riise (1962) er utdanna journalist, og har brei erfaring frå ulike medier. Ho har jobba som journalist i NRK, Dagbladet og Dagens Næringsliv, og vore redaktør i bladet Psykisk helse og tidsskriftet Syn og Segn. Ho held fram i jobben som redaktør for Syn og Segn samstundes som ho byrjar som sakprosaredaktør.
Riise fekk Nynorsk redaktørpris i 2011 og Syn og Segn har blitt kåra både til beste norske- og nordiske tidskrift i perioden Bente Riise har vore redaktør. Den nye sakprosaredaktøren kjem frå Hareid på Sunnmøre.
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Samlaget gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.