Fylkestinget i Rogaland sa tysdag nei Vestlandsregionen.
Fylkestinget sa nei til ei samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, skriv Stavanger Aftenblad.
I forslaget som blei samrøystes vedtatt, skal Rogaland bestå som eige fylke, men viss regionane blir tilført nye oppgåver, vil ein vurdere å samarbeide med Hordaland, skriv NRK.
Sogn og Fjordane har avgjort at dei ønskjer å gå saman med Hordaland og Rogaland om å danne ein ny storregion. Onsdag skal Fylkestinget i Hordaland komme med si avgjerd.
Tysdag gjekk eitt fleirtal i fylkestinget i Møre og Romsdal inn for at fylket skal bestå som eigen region i framtida. Vedtaket inneber at Rindal kommune får bli ein del av Trøndelag, men dei fem andre nordmørskommunane som ønskjer å gå til Trøndelag, blei avvist av fylkestinget, fortel NRK.
Fylkestinget i Aust-Agder sa tysdag ja til samanslåing med Vest-Agder. Fylkestinget i Vest-Agder skal stemme over samanslåinga onsdag.
LES OGSÅ: Fleirtalet av høyringsuttalingane er for nynorsk. Bokmålsforbundet skuldar Mållaget for juks