Heim Nyhende Rotevatn til NRK - styret

Rotevatn til NRK – styret

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er vald inn i det nye NRK – styret.

Rotevatn har erfaring som journalist og programleiar frå mellom anna NRK og Kanal 24. I dag arbeider ho som rådgjevar i konsulentfirmaet I&M Kommunikasjon AS. Ho er også påtroppande dagleg leiar i den digitale kunnskapsbasen Allkunne som vert redigert på nynorsk. Rotevatn har også brei erfaring frå målrørsla, blant anna frå verv i Mediemållaget.

Tidlegare forlagssjef William Nygaard blir leiar i NRK-styret.

– Med William Nygaard har NRK fått ein styreleiar med særs solid bakgrunn frå  både kultur- og næringsliv. På same måte som NRK sjølv, er dette styret bredt samansett, med god variasjon i både bakgrunn, geografi og kompetanse, seier kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) i ei pressemelding.

Med seg i styret får Nygaard og Rotevatn Alexandra Bech Gjørv, Steinar Gudmund Ness, Gunnar Flikke og Sif Vik.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Men kvifor er det framleis...

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...