Heim Nyhende Sæterbakk skal leie Språkåret

Sæterbakk skal leie Språkåret

Inger Johanne Sæterbakk (30) er tilsett som prosjektleiar for Språkåret 2013.

Ho er no informasjonsrådgivar i Tromsø kommune, i juni tar ho til i ny jobb som prosjektleiar for Språkåret.

– Dette er ei spanande oppgåve som eg gler meg til å ta fatt på, seier ho i ei pressemelding.

I Ivar Aasen-året 1996 skreiv ho sin første tekst på nynorsk, etter den tid har ho knytt den språklege identiteten til nynorsk skriftspråk og nordnorsk dialekt. Sæterbakk var nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter 2004 – 2005, ho har også vore journalist i NRK Troms og Finnmark og i NRK P2 Kulturnytt, i tillegg har ho erfaring som marknads-og informasjonskonsulent ved Hålogaland Teater.

Direktør ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, legg også vekt på at det vil bli utlyst ytterlegare ei stilling til Språkåret 2013.

– Me treng ein prosjektsekretær som har lyst til å vere med og gjere noko ingen har gjort før, seier han.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...