Heim Nyhende Samanslåtte kommunar får millionstøtte utan krav

Samanslåtte kommunar får millionstøtte utan krav

Kommunane som alt er vedtatt samanslåing, får titals millionar i statsstøtte. Pengane kan dei bruke på kva dei vil.

 

Førebels har elleve norske kommunar vedteke å slå seg saman til fem nye. Prislappen for desse samanslåingane, i form av løyvingar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, er på 225 millionar kroner. Det blir ikkje stilt krav til bruk av midlane, og kommunane må ikkje levere inn søknad om kva dei treng, skriv Nationen.

– Med ei omfattande kommunereform var det ønskjeleg å gjere dekninga av eingongskostnadar ved ei samanslåing meir føreseieleg for kommunane og unngå mange og tidkrevjande søknadsprosessar, seier seniorrådgjevar Helge Kvandal i kommunaldepartementet til avisa.

Eingongsstøtta til samanslåtte kommunar er standardisert til 20 millionar kroner, ein sum som kan auke avhengig av talet på kommunar og innbyggjarar. I tillegg kjem reformstøtte på mellom 5 og 30 millionar, og 2 millionar kroner i hurtigløp-støtte til dei fem første kommunane.

– Støtta er ei anerkjenning av at kommunane har jobba effektivt og godt for å komme raskt i mål, og at dette gir meirverdi for andre kommunar, seier Kvandal.

For eksempel får Larvik og Lardal, som blir éin kommune, 52 millionar kroner i ferske pengar. Av desse er 25 millionar til eingongskostnader, 25 millionar i reformstøtte og 2 millionar for hurtigløp. (©NPK)

Les meir om dette på regjeringen.no!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...