Heim Nyhende Sanner avviser at inntektssystemet ikkje er greidd ut

Sanner avviser at inntektssystemet ikkje er greidd ut

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) avviser påstandar om at endringane i inntektssystemet for norske kommunar ikkje er skikkeleg greidd ut.

 

260 av dei 428 ordførarane i landet har skrive under eit opprop mot eit forslag til nytt inntektssystem for kommunane som er ute på høyring no.

Sanner reagerer på det han meiner er feilinformasjon i oppropet. I teksten blir det hevda det at forslaga til endringar ikkje «byggjer på utgreiingar frå offentlege utval som er breitt samansette og med medlemmer frå kompetente fagmiljø.»

– Det er definitivt feil. Eit strukturkriterium blei greidd ut både på 90-talet og av Borge-utvalet i 2005. Så har vi supplert dette med nye oppdateringar og utrekningar. Det har lenge vore peikt på at basistilskotet, som blir gjeve som ein lik sum til alle kommunar uavhengig av innbyggjartal, bør differensierast, seier Sanner til Kommunal Rapport.

Seks av ti norske ordførarar skuldar også kommunal- og moderniseringsministeren for å tvinga norske kommunar til å slå seg saman fordi det er økonomisk lønsamt.

– Eg vil seia det er tvert imot. Det er det noverande inntektssystemet som frys fast ein forelda kommunestruktur, fordi det i realiteten straffar kommunar som vil byggja større og sterkare velferdskommunar. Når det er brei politisk semje om at kommunestrukturen bør endrast, må også eit slikt inntektssystem endrast, seier Sanner. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...