Heim Nyhende Satsar på forsking

Satsar på forsking

212,4 millionar kroner er no fordelt til regionale forskingsfond over heile landet.

Landet har blitt delt inn i 7 fondsregionar som kvar for seg har fått ansvar for å fordele sine løyvingar til forskings- og utviklingsprosjekt som er initiert av offentlege og private verksemder og forskingsmiljø.

Midla er fordelte slik at Region Nord-Noreg får 30,9 millionar, Midt-Noreg får 24,1 millionar, Innlandet får 14,9 millionar, Oslo og Akershus får 27,3 millionar, Oslofjorden 32,7 millionar, Agder får 13,2 millionar og Vestlandet får 29,7 millionar kroner. Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland reknar med at dei første utlysingane kjem før sommaren.

– Dei regionale fonda skal supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje samspelet mellom næringsliv, høgskular, universitet og regionane, seier statsråd Aasland i ei pressemelding. – Målet mitt er større variasjon i forskinga, seier forskingsministeren.

Forskingsfonda er ei ny satsing i regi av departementet for forsking og høgare utdanning og har som føremål å styrke forsking for regional innovasjon og utvikling og drive langsiktig kompetansebygging innafor forskingsmiljøa.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...