Heim Nyhende Sp svarar om språk

Sp svarar om språk

Liv Signe Navarsete og Senterpartiet ønskjer sidemålet inn på eit tidlegare tidspunkt enn i dag.

Kva vil partiet ditt gjere med nynorsken? Senterpartiet vil styrkje nynorsken. Me vil la alle skuleelevar møte både nynorsk og bokmål og dei norske minoritetsspråka tidleg i barneskulen, og i ei moderne form, for å førebyggje fordommar og vise til dømes nynorsk og samisk som moderne bruksspråk.
Me vil innføre stipendordningar for omsetjarar som vel å bruke nynorsk som målform, gje stønad til utvikling av nynorsk digitalt leksikon/kunnskapsbase, arbeide for auka bruk av nynorsk i riksdekkjande medium, handheve konsesjonskrava til allmennkringkastarane strengare på dei språklege områda og gje stønad til teksting av DVD?filmar på nynorsk og samisk.

Kva er partiet ditt si haldning til sidemål?
Senterpartiet meiner opplæringa i norsk skal ta sikte på å utvikle elevane sine praktiske ferdigheiter i båe målformer. Me vil derfor framleis ha opplæring, karakterar og eksamen i sidemål. Opplæringa kan betrast ved å ta sidemålet i bruk òg i andre fag enn norsk. Sidemålet skal òg kome tidligare inn i undervisninga enn i dag.

Vil partiet ditt styrkje nynorskopplæringa for innvandrarar?
Ja, nynorskopplæring er ein viktig del av språkopplæringa for innvandrarar.

Kva meiner partiet ditt må gjerast for at skulebøker skal liggje føre på båe målformer til same tid og til same pris? Dette ligg som ein føresetnad allereie i dag. Me legg til grunn at skuleeigar, forlag og distributørar tek det ansvaret som kviler på dei i høve å få fram læremiddel til same tid og same pris. Ved brot på dette må me eventuelt vurdere sanksjonar.

Finst programmet til partiet ditt på nynorsk? Senterpartiet har eine halvdelen av programmet vårt på nynorsk og den andre halvdelen på bokmål. Alle skal kunne beherske begge målformer, og me ser dette som ein praktisk og god måte å presentere programmet vårt på.

Har partiet ditt valmateriell på nynorsk? Ja, Senterpartiet ser det som sjølvsagt at me skal ha valmateriell på båe målformer.

Er nettsida dykkar på nynorsk?
Det finst artiklar på både nynorsk og bokmål på våre nettsider. Mellom anna er stort sett alt eg skriv, på nynorsk.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...