Heim Nyhende Venstre svarar om språk

Venstre svarar om språk

Venstre har fått pes for ikkje å ha partiprogrammet på nynorsk. No lovar Lars Sponheim at det skal vere på plass denne veka.

 

Kva vil partiet ditt gjere med nynorsken? Venstre var del av fleirtalet som stod bak formuleringane om nynorsk i språkmeldinga. Me hadde og særmerknader, mellom anna med å understreka at minst 25 % av verbalinnslaga i NRK skal vera på nynorsk.

Kva er partiet ditt si haldning til sidemål? Venstre hegnar om sidemålundervisinga og er ein garanti for at ho framleis skal vere ein viktig del av norskundervisinga.

Vil partiet ditt styrkje nynorskopplæringa for innvandrarar?
Indirekte, ja. Norskopplæringa for innvandrarar må styrkjast. Ho er nøkkelen til god integrering. I nynorskkommunar føregår opplæringa på nynorsk, i bokmålskommunar på bokmål.

Kva meiner partiet ditt må gjerast for at skulebøker skal liggje føre på båe målformer til same tid og til same pris?
Venstre meinar det er sjølvsagt at skulebøker skal liggje føre på båe målformer til same tid og pris.

Finst programmet til partiet ditt på nynorsk? Programmet vil liggje føre på båe målformer i løpet av om lag ei veke frå i dag (25.08.09).

Har partiet ditt valmateriell på nynorsk? Ja, hovudbrosjyra er tilgjengeleg på båe målformer.

Er nettsida dykkar på nynorsk? Nettsida er på bokmål. Me har diverre ikkje tilgjengelege ressursar til å ha alternativ på båe målføre.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...