Heim Nyhende Stord er Årets nynorskkommune

Stord er Årets nynorskkommune

Stord kommune er kåra til Årets nynorskkommune 2009.

Også Fjell kommune får rosande omtale. – Me tek mål av oss til å bli verdas beste og største nynorskby, seier ordførar i Stord kommune, Liv Kari Eskeland (H).

– Dette er utruleg kjekt og gledeleg. Me er veldig bevisste på å bruke nynorsk i kommunen. Det er inspirerande å få ein slik pris, seier den stolte ordføraren.

Ho viser mellom anna til kommunen sitt engasjement i Falturiltu-festivalen, som set fokus på nynorsk barne- og ungdomslitteratur.

– Kanskje dette betyr at me kan leggje ned noko meir midlar i denne festivalen i år enn tidlegare, seier ho.

I søknaden Stord kommune sendte departementet, kjem det også fram at det vert jobba med ein idé om å få til eit krafttak for nynorsk barnelitteratur. Tanken er at prosjektet – som framleis er i startgropa – skal nå over alle nynorskfylka og gje tilbod til blant andre lærarar, elevar og foreldre. Det vert også lagt vekt på at kommunen har ei sterk nynorsk lokalavis, og at kommunestyret deler ut ein årleg målpris.

– Eit vitalt bruksspråk

Prisen Årets nynorskkommune på 100.000 kroner er nyoppretta og skulle gå til ein kommune som har nynorsk som sitt offisielle språk, og som har gjort ein særskild innsats for å fremja nynorskens plass i samfunnet. Det er Kommunal- og regionaldepartementet som deler ut prisen. Kriteria for prisen er utarbeidd i samarbeid med LNK.

Elleve kommunar søkte om å bli vurderte til prisen. Dei elleve er Valle, Sund, Vinje, Fjell, Lom, Hornindal, Stord, Aurland, Norddal, Nissedal og Ullensvang kommunar.

Av desse var det Stord kommune som trekte det lengste strået, men også Fjell får ros for sin nynorskbruk.

– Dei to arbeider for å oppretthalda nynorsk som eit aktivt og vitalt bruksspråk, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

– I ei tid med internasjonalisering og språkpåverknad utanfrå er det flott at så mange som 114 kommunar brukar nynorsk som dagleg språk og byggjer sin kulturelle identitet opp mot dette, seier statsråden vidare.

Håpar prisen inspirerer

Juryen nominerte to kommunar, Stord og Fjell, som begge har ei medviten haldning til bruk av god nynorsk. Dei to kommunane brukar språket aktivt både i den daglege verksemda og i omdømearbeidet, og dei er stolte over å vera nynorskkommunar.

– Stord er ein verdig vinnar av prisen som årets nynorskkommune 2009, seier Kleppa i uttalen frå departementet.

– Eg vonar prisen vil verka stimulerande for alle som er engasjerte i å oppretthalda nynorsk som eit aktivt og vitalt bruksspråk i kommunane, og at dette kan bli ein inspirasjon til vidare innsats.

Juryen meiner Stord fyller kriteria for prisen på ein god måte. Blant anna oppmuntrar dei næringslivet i kommunen til å bruke nynorsk til reklame og administrasjon, mellom anna ved å dele ut ein årviss målpris. Kommunen er også drivkrafta bak Falturiltu-festivalen, samstundes som dei medvite bruker nynorsk i eiga omdømmebygging, heiter det i grunngjevinga.

Språk i omdømmebygginga

I juryen til Årets nynorskkommune sat Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Gunn Berit Gjerde, fylkestingsrepresentant (V) i Møre og Romsdal, Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser (LLA) og Eli Johanne Lundemo, Kommunal- og regionaldepartementet. I vurderinga er det lagt vekt på kommunal informasjon og heimeside, kommunale planar og målbruksplanar, og om kommunen er under press når det gjeld nynorsk. I tillegg set ein søkjelys på om kommunen elles bruker nynorsk aktivt, særleg i omdømmebygginga.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...