Heim Nyhende Frp svarar om språk

Frp svarar om språk

Siv Jensen og Frp fortel kva dei vil gjere for nynorsken viss dei kjem til makta.

 

Kva vil partiet ditt gjere med nynorsken? Framstegspartiet vil at dei to målformene skal få utvikle seg fritt, og at ingen skal tvingast til bruk av annan målform enn sin eigen. Vi vil også kutte særstøtta til nynorsk, då denne er diskriminerande overfor fleirtalet som ikkje bruker nynorsk.

Kva er partiet ditt si haldning til sidemål?
FrP vil fjerne den tvungne sidemålsundervisninga og sidemålseksamen og gjere dette om til valfag.

Vil partiet ditt styrkje nynorskopplæringa for innvandrarar?
FrP er for å styrkje norskopplæringa for innvandrarar. Om ein blir busett i nynorskkommunar, er det ingenting i vegen for at ein lærer seg nynorsk. Det viktigaste er at dei som kjem til landet, lærer seg norsk, uansett målform.

Kva meiner partiet ditt må gjerast for at skulebøker skal liggje føre på båe målformer til same tid og til same pris?
Ein må setje strengare krav til at bøkene skal liggje føre på same tid. Situasjonen som har vore dei siste åra, har vore uhaldbar og er ei forskjellsbehandling av nynorskbrukarane.

Finst programmet til partiet ditt på nynorsk? Nei, vi har valt å utarbeide partiprogrammet vårt på berre ei målform. 

Har partiet ditt valmateriell på nynorsk? I somme fylke har Framstegspartiet valmateriell på nynorsk.

Er nettsida dykkar på nynorsk?
Nei, Framstegspartiet har valt å ha nettsider berre på bokmål fordi vi antar at alle norske brukarar av sida forstår denne målforma. I tillegg finst deler av innhaldet på engelsk, tysk, fransk og spansk.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...