Heim Nyhende - Viktig å spegle mangfaldet

– Viktig å spegle mangfaldet

Kringkastingssjef Hans -Tore Bjerkaas i NRK vil tilsetje fleire nynorskjournalistar og setje språk på dagsorden.

– Me må våge å tilsetje fleire nynorskjournalistar i bokmålsområde. I tillegg må språk generelt få høgare status i redaksjonane, me må få til meir språkdiskusjonar og evalueringar. Me må alltid ha gode språkbrukarar i journalistikken, sa kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas under NRK sitt mangfaldseminar på tysdag. Han sa og at arbeidet som blir lagt ned i Nynorsk mediesenter og NRK FleRe skal bli «tatt meir vare på systematisk»  av NRK-leiinga i framtida.

NRK gjennomførte i forkant av seminaret ei kartlegging blant sine nynorsbrukande journalistar. Den viser blant anna at 59 prosent av dei spurde opplev positive haldningar til nynorsk frå sine leiarar. 15 prosent av dei spurde bruker alltid nynorsk i arbeidet sitt. I følgje kartlegginga er det også ein større del kvinner enn menn som fast brukar nynorsk som sitt arbeidspråk. Medan 17 prosent av kvinnene brukar nynorsk skriftleg, er talet 13 prosent menn. Prosentdelen av dei som brukar nynorsk skriftleg er også høgast hjå dei mellom 30 – 39 år.

Berre 5,6 prosent svarer at dei brukte nynorsk tidlegare, men har slutta med det. På spørsmålet kvifor dei slutta å bruke nynorsk var nokre av svara: «fekk berre kjeft», «vart mykje ekstraarbeid» og «eg er mest komfortabel med bokmål».
Ikkje overraskande viser også kartlegginga at majoriteten av dei nynorskbrukande journalistane i NRK er fødde på Vestlandet. Spørjeskjemaet gjekk ut 13. august, og vart sendt til 2000 personar.

– For NRK er det viktig å spegle både det kulturelle og det språklege mangfaldet i landet, sa Bjerkaas vidare under seminaret som sette fokus på å auke mangfaldet i NRK.

Les resultatet frå kartlegginga her.

Førre artikkelFrp svarar om språk
Neste artikkelRaudt svarar om språk

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...