Heim Nyhende Raudt svarar om språk

Raudt svarar om språk

Torstein Dahle og Raudt vil ha sidemålspedagogikk som ein del av lærarutdanninga.

Kva vil partiet ditt gjere med nynorsken? Bokmål og nynorsk er formelt likestilte språk i Noreg, men likevel er det vanskelegare å vere nynorskbrukar enn å vere bokmålsbrukar. Om bokmål og nynorsk skal bli likestilte i praksis, trengst det aktive tiltak for å styrkje nynorsken sin plass i samfunnet. Det trengst både krav om at rettar som allereie finst, skal handhevast, og nye rettar. Raudt meiner at media speler ei særleg viktig rolle i kampen for reell språkleg likestilling og vil stimulere til meir nynorsk i alle medium. Me vil difor ha meir nynorsk i NRK og statsforvaltinga, auka støtte til Nynorsk mediesenter og opprette eit fond som skal fremme nynorsk i journalistikken. Raudt vil sikre gode rammevilkår for alle institusjonar som fremmar norsk skriftmål og arbeide for at målbrukslova vert handheva

Kva er partiet ditt si haldning til sidemål?
Raudt meiner nynorskopplæringa i skolen og sidemålsopplæringa er avgjerande for å sikre nynorsk som likestilt riksmål, og vi stør kravet om betre, ikkje mindre, sidemålsopplæring. Raudt vil oppretthalde obligatorisk undervising i sidemål og styrkje denne gjennom positive sidemålsforsøk. Me vil også at lærarar skal gi elevane tryggleik om talemålet sitt gjennom medvitne haldningar til sin eigen og andre sine dialektar og oppmuntre til å bruke desse. For å få dette til meiner me at sidemålspedagogikk og haldningar til nynorsk må verte ein del av lærarutdanninga.

Vil partiet ditt styrkje nynorskopplæringa for innvandrarar?
I dag er det er eit problem at mange innvandrarar i nynorskkommunar ikkje får opplæring på den målforma som er hovudmålform i kommunen dei bur i. Dette er eit problem for integreringa og deltakinga deira i lokalsamfunnet. Raudt vil difor at alle framandspråklege i
nynorskkommunar skal få norskopplæring på nynorsk. Me vil også at retten til morsmålsundervisning må innførast att der han er fjerna. Å kunne sitt eige morsmål godt, både skriftleg og munnleg, er den beste måten å lære seg nye språk på, og me treng difor å styrkje både morsmålsopplæringa og norskopplæringa.

Kva meiner partiet ditt må gjerast for at skulebøker skal liggje føre på båe målformer til same tid og til same pris? Raudt meiner at Utdanningsdepartementet har eit ansvar for å sørgje for å oppfylle dei same språklege rettane for nynorskelevane som for bokmålselevane. For 2009 har regjeringa løyvd 6 millionar kroner til produksjon av nynorske læremiddel. Dette er eit steg på vegen, men målet er ikkje nådd før alle elevane har skulebøkene i handa. I tillegg til at regjeringa må løyve meir pengar, må dei stille krav til forlaga om å følgje lova og følgje opp med straffetiltak. Raudt meiner at ordbøker og dataprogram som vert nytta i skulen, skal kome inn under retten til parallellutgåve.

Finst programmet til partiet ditt på nynorsk? Arbeidsprogrammet vårt finst på nynorsk og bokmål, både på nett og i trykt form. Me har prioritert det fordi arbeidsprogrammet er den mest brukte og mest omfattande presentasjonen av politikken vår.

Har partiet ditt valmateriell på nynorsk? Valmateriellet vårt blir i stor grad laga av lokallaga, så der er det skilnad ut frå om det er bokmåls- eller nynorskbrukarar som lagar materiellet. Men me har dessverre ikkje noko sentralt valmateriell på nynorsk bortsett frå arbeidsprogrammet.

Er nettsida dykkar på nynorsk? Brukarsnittet på deler av nettsida vår er både på bokmål og nynorsk. Og me har nettadresse både på bokmål og nynorsk. På nettsidene våre et det mange forskjellige som skriv, og målforma på nyhendesakene er påverka av dette. Fleirtalet skriv bokmål, men det kjem òg nyhendesaker på nynorsk. Men me har ikkje kapasitet til å omsetje tekstar frå bokmål til nynorsk eller omvendt.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...