Heim Nyhende – Akers reklamefilm vil setje spor

– Akers reklamefilm vil setje spor

Ivar Aasen sitt dikt ”Nordmannen” speler hovudrollen i Aker-selskapa sin nye reklamefilm. Målet er å vise fram norsk industri og dei verdiane dei tilsette skapar.

 

– Akers reklamefilm med diktet ”Nordmannen” av Ivar Aasen vil setje språkpolitiske spor etter seg, seier direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding. Filmen ”Made by Norway” blei vist første gongen onsdag og er eit industripolitisk innspel frå Aker i valkampen.

– Filmen reindyrkar poesien og industrien og målber stor sjølvtillit, seier Grepstad vidare.

Han legg også vekt på at bedrifter som Stabburet og Lerum har gjort nynorsk reklame meir vanleg.

– For få år sidan sa framståande reklamefolk at dei heller ville lage reklame på urdu enn på nynorsk. Seinare har mellom andre Lerum, Stabburet og Sætre brukt nynorsk i reklame. Det er også blitt så vanleg å snakke dialekt i Noreg at reklameprodusentane sakte følgjer etter. Når nynorsk er eit vanleg språk for Aker, vil det vere det for andre også. Eg trur denne filmen vil setje spor etter seg i norsk reklame, seier Grepstad.

På nettstaden aasentunet.no har Ivar Aasen-tunet laga ei eiga temaside om det viktigaste og mest brukte diktet Ivar Aasen skreiv. Temasida fortel mellom anna historia om diktet og viser korleis det blei ein populær allsong.

 

Førre artikkelRaudt svarar om språk
Neste artikkelKrf svarar om språk

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...