Heim Nyhende Sigmund Løvåsen er årets festspeldiktar

Sigmund Løvåsen er årets festspeldiktar

Festspela blir gjennomført 10.–13. juni 2021 med festspeldiktar Sigmund Løvåsen.

Nynorsk kultursentrum og Aasentunet legg planar innanfor gjeldande rammer og omsyn til smittevern,og lovar ei trygg oppleving.

I 2020 blei Festspela i hovudsak gjennomført digitalt, med nokre fysiske arrangement på hausten med mellom andre festspeldiktarane Odd Nordstoga og Stein Versto.

– Det er ikkje enkelt å planleggje festival i 2021 heller, men vi tek utgangspunkt i dei gjeldande rammene for arrangement og smittevernreglar og går for ein nedskalert festival i juni, fortel arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik, og lovar fleire programdryss i vekene som kjem.

Festspeldiktar i 2021 er Sigmund Løvåsenfrå Trysil. Sidan debutromanen Nyryddinga i 2003 har han gitt ut ei rekkje romanar, skodespel og diktbøker. Løvåsen var også leiar i Den norske Forfatterforening frå 2012 til 2017. Løvåsen gler seg til å kome til Ørsta og Volda, og han skal mellom anna presentere eit heilt nytt tingingsverk saman med komponistane og musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli.

– Det er ei stor ære å bli valt som festspeldiktar. Eg ser fram til å møte publikum i juni for å presentere nye tekstar og sjå tilbake på det eg har skapt i snart tjue år som forfattar, seier festspeldiktaren.

Aasentunet lanserer meir program i vekene framover. Festspelpass og billettar til tingingsverket er tilgjengelege på nynorsk.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...