Heim Nyhende Sikrar framleis støtte til LNK

Sikrar framleis støtte til LNK

Frp, Høgre, KrF og Venstre er samde om å løyva 1,2 millionar kroner til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i 2017.

– For meg er det viktig å bevare nynorsken og at kommunane skal ha eit godt språktilbod til innbyggjarane sine. Dette er ein del av vår kulturarv, og det er både ein emosjonell og praktisk fordel å bevare språket vårt. Folk må hugsa at dette er ein del av tilhøyrsla vår, seier Helge André Njåstad (Frp), leiar i Kommunalkomiteen.

–  Nynorsken er på offensiven. Det ser me bare på engasjementet i høyringa om Vestlandsregion. Gjennom arbeidet med kommunereforma er det eit mål at nynorsken ikkje skal koma skadelidande ut og det er difor kommunalkomiteen styrker LNK si rolle, seier Njåstad.

Han har sjølv vore ordførar i 10 år i ein medlemskommune i LNK, og kjenner godt til arbeidet til organisasjonen.

Bjørn Lødemel (H) er òg glad for at fleirtalet har klart å vidareføra støtta til LNK.

– Eg er veldig glad for at me støttar opp om nynorsken. Dette er eit viktig tiltak for nynorskkommunane.

Han får støtte frå Andre Skjelstad frå Venstre, som hadde løyving til LNK inne i partiet sitt alternative statsbudsjett:

– Eg er veldig glad for at regjeringspartia blir med på dette. Det er ingen tvil om at for Venstre bankar hjartet ekstra sterkt for nynorsken, seier Andre N. Skjelstad.

– Letta og glade

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland (bildet), er glad for at støtta er sikra.

– Komiteen understrekar det viktige arbeidet Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjer for å sikra nynorsk som eit jamstilt og fullgodt bruksspråk innafor alle delar av det offentlege.  I tillegg til arbeidet med å styrkja samhaldet mellom nynorskkommunane gjennom aktiv satsing på nettkommunikasjon og faglege samlingar, har LNK ei særleg oppgåve med å syta for at nynorsk språk ikkje vert skadelidande som følgje av kommunereforma, seier han.

Kutt i statsstøtta ville gått ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion – i tillegg til språkkurs og anna nynorskarbeid retta mot dei 123 medlemene i organisasjonen. Av desse er 103 kommunar og fire fylkeskommunar.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar mista den faste støtta frå Kulturdepartementet frå 2015. Sidan då har Kommunalkomiteen redda LNK gjennom ekstra prosjekttilskot. I budsjettforliket 3. desember blei regjeringspartia samde om å løyva 300.000 frå Kulturdepartementet, 1,2 millionar kroner mindre enn LNK søkte om.

– Løyvinga frå Kommunalkomiteen gjer at me no er oppe i den summen me søkte om. No er me letta og glade. Løyvinga hjelper oss i å gjera jobben vår for å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd, avsluttar Vidar Høviskeland.

 

For ytterlegare kommentarar:

ring Vidar Høviskeland, mobil 905 06 617

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...