Heim Nyhende Hordaland fylkesutval går for Vestlandsregion

Hordaland fylkesutval går for Vestlandsregion

Hordaland fylkesutval går inn for at Hordaland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune går saman i ein ny folkevald region på Vestlandet.

 

Hordaland fylkesting skal handsama saka på møte 13.-14. desember.

På veg mot stor region

– Med dei vedtak og innstillingar som hittil er gjort i dei tre vestlandsfylka, er me komne lenger i prosessen mot ein Vestlandsregion enn me kunne håpa på då me starta, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

– Eg er optimist og har stor tru på at me er på god veg til at ein stor region på Vestlandet vert ein realitet, seier fylkesordførar Hestetun. I tillegg til den positive innstillinga frå Hordaland fylkesutval viser ho til vedtaka i Sogn og Fjordane fylkesting og Haugesund bystyre, som begge går inn for å samla Vestlandet i ein region.

Delt syn på alternative forhandlingar

I fylkesutvalet si innstilling heiter det at dersom dei to andre fylka ikkje går inn for etablering av ein Vestlandsregion, vil Hordaland ha drøftingar om alternative regionale løysingar både med Sogn og Fjordane og Rogaland. I drøftingar om samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane vil det også verta opna for å invitera Møre og Romsdal inn i forhandling. Dette punktet vart tilrådd med 9 (Ap, Sp, KrF, MDG, V) mot 6 (H, FrP, SV) røyster.

Fylkesutvalet går med 13 mot 2 (FrP) røyster inn for at administrasjonsspråket i den nye Vestlandsregionen skal vera nynorsk. 

Nei frå SV

Aud Karin Oen (SV) føreslo at fylkestinget skal seia nei til ein ny Vestlandsregion så lenge ein ikkje veit kva oppgåver som vert overført frå staten til regionnivået og kva oppgåver ein får behalda. Ho føreslo også at det skal vera folkerøysting om ein ny Vetlandsregion. Forslaget fekk SV si røyst.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...