Heim Nyhende Sikrar seg sjukepleiarar med toppløn

Sikrar seg sjukepleiarar med toppløn

 

Mange kommunar slit med å rekruttere nok sjukepleiarar og under ferieavvikling på sommaren blir situasjonen endå verre. I Moss har dei funne ei løysing på problemet som fungerer.

I Moss blir sjukepleiarar tilbydd toppløn frå første dag. Ideen har kommunen tatt frå Fredrikstad, kor ordninga har vore ein suksess tidlegare. Søkjarane har strøyma til i Moss, og allereie nå har dei full kontroll på sommarbemanninga ved Per Gynt sjukeheim.

– Vi har fått god respons og mange søkjarar. Den nye ordninga har gitt oss eit stort lyft, seier Tone Lindmo Johannes, hovudtillitsvald for sjukepleiarane i Moss, til NRK Østfold.

Sjølv om Moss har funne ei løysing som sikrar forsvarleg bemanning på sommaren, er Sykepleierforbundet er uroa over at ferieavviklinga knapt har vore eit tema i andre kommunar.

– Det er prekær mangel på sjukepleiarar i fleire kommunar. Då stiller vi spørsmål ved kva arbeidsgivarane eigentleg har gjort for å gjere det attraktivt å jobbe der, seier leiar for Sykepleierforbundet i Østfold, Karen Brasetvik.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...