Heim Nyhende Skal fargeleggje staden

Skal fargeleggje staden

Stalheim og Ulvik skal forskjønnast og fornyast, og oppskrifta står kunstnarar frå heile verda for.

14 kunstnarar frå heile verda har vore samla i Hardangerregionen i ei veke i sommar for å vurdere områda kring Ulvik og Stalheim. Målet var å samle inspirasjon og idear for korleis dei to landskapsparkane kan utviklast for å gjere områda enno meir attraktive for innbyggjarar og turistar.

– Når ei veke med workshop var ferdig, låg det mange spennande idear på blokkene, seier bygde- og næringsutviklar Caroline Lehmann i Ulvik herad.

Lyssetjing av elver, bruk av fargar i landskapet og utvikling av kunstsentra var mellom nokre av ideane, men Lehman understreker at ingenting er bestemt enno. Kunstnarane har trukke seg tilbake, og først uti august vil Kunsthøgskulen i Bergen presentere dei ideane dei meiner kan løysast. Då byrjar og arbeidet med å sjå kva som kan realiserast reint praktisk og økonomisk.

Så langt har likevel prosjektet gitt noko tilbake til tettstadene i form av nye perspektiv.

– Ein av dei tinga vi ønskte at kunstnarane skulle ta tak i her i Ulvik var eit hus som mange av oss meiner er ganske stygt. Men då sa kunstnarane nei. Dette huset meinte dei hadde ein stor eigenverdi, det treng ikkje forskjønnast. Og no må eg medgje at eg ser noko annleis på huset sjølv og.

– Så huset får stå som det er?

– Det får det, ler Caroline Lehmann.

 


 

Colours of the Fjords:

14 kusntnarar, arkitektar, designarar og fotografar skal gi idear til utvikling og forskjønning av Ulvik og Stalheim i Hordaland

Kunstnarane kjem frå mellom anna Japan, Sør-Amerika, Canada, Tyskland og Noreg.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...