Heim Nyhende Skal forske på nynorsken

Skal forske på nynorsken

 

Universitets – og høgskolenettet på Vestlandet (UH-nett Vest ) legg no opp til ei meir omfattande forskning på nynorsk.

– Forskningsmiljøa har også tatt innover seg situasjonen der mange melder overgang frå nynorsk til bokmål. Ein språkleg lekkasje som breier om seg, seier Johan Myking som er instiuttleiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier ved Universitetet i Bergen til lnk.no.

Han viser også til at mange har problemer som nynorskbrukarar både i utdanning og i arbeidslivet, og meiner difor det blir viktig å få fram meir forskningsbasert kunnskap om kva som til dømes påverkar språkvalet.

Nettverket UH-nett Vest består av Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda og Høgskolen Stord/Haugesund. Tysdag denne veka hadde desse institusjonane eit seminar i Bergen der dei diskuterte om det er mogleg å få på plass ein auka forskning på nynorsk. Der tok dei opp tema som korleis ein kan forske på nynorsk i skulen, nynorsk fagspråk, korleis ein kan fornye nynorskforskninga og korleis ein kan handtere nye tekstformer.

– Me hadde ein idèdugnad på ulike prosjekt, og det kan godt hende fleire aktørar set i gang eigne prosjekt no framover. Seminaret vil uansett bli fylgt opp vidare, seier Myking.

Han legg vekt på at dette er eit sentralt tema på Universitetet i Bergen der han arbeider, og hjå dei andre utdanningsinstitusjonane i nynorskområdet. Likevel ser han ikkje vekk frå at det kan bli lurt å også trekkje inn resten av landet i arbeidet.

– Universitetet i Bergen har også markert seg med eit eige språksenter og ein språkpolitisk strategi. Det er likevel ikkje meininga at dette skal bli eit vestlandsprosjekt, det handlar vel meir om at ein plass må ein byrje. Etterkvart blir det viktig å få med andre deler av landet også, slår Myking fast.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...