Heim Nyhende Forventar høge ambisjonar for Lølandsenteret

Forventar høge ambisjonar for Lølandsenteret

Ordførar i Suldal kommune, Torkel Myklebust, forventar at Ryfylkemuseet har høge ambisjonar for Lølandsenteret som nasjonalt barnekultursenter. 

Kjersti Moe er tilsett hjå Ryfylkemuseet på Sand i Ryfylke for å utvikle Lølandsenteret, eit nasjonalt barnekultursenter som er meint som eit resultat av arbeidet som blei lagt ned i Rasmus Løland-markeringa 2007 – 2011. No reagerer fleire på at Moe og Ryfylkemuseet dempar nokre av forventningane og legg vekt på at det vil ta tid å byggje opp senteret.

Les også: Å byggje Lølandsenteret vil ta tid

– Eg er glad for at Ryfylkemuseet har fått på plass ein person som nå skal arbeida vidare med etablering av Lølandsenteret. Eg forstår at dette vil vera eit langsiktig og strategisk arbeid, og meiner Ryfylkemuseet vil vera eit godt utgangspunkt for dette arbeidet. Samstundes er eg litt forundra over at museet synest å vilja dempa målsettingane, seier ordførar Myklebust.

Han forventar at museet har høge ambisjonar for Lølandsenteret som eit nasjonalt barnekultursenter og meiner det særleg er viktig å få ei nasjonal forankring av arbeidet vidare.

– Ryfylkemuseet og Lølandstiftinga har då og vore samde om at det skal opprettast eit nasjonalt råd som støtte til arbeidet. Restmidlar etter prosjektperioden er tiltenkt drift av dette rådet, legg han til.

Les også: I Løland sine fotefar

– Kommunestyret i Suldal skal i juni handsama sluttrapporten etter Lølandprosjektet. Eg reknar då med at kommunestyret vil understreka den viktige oppgåva Ryfylkemuseet nå har teke på seg for å få etablert Lølandsenteret i Suldal, seier Torkel Myklebust.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...