Heim Nyhende Skal kåre mest attraktive stad

Skal kåre mest attraktive stad

Det er stadig nye prisar ein kan få, også for ein kommune eller tettstad. Nytt av i år er statens pris for mest attraktive stad i landet, og den er på 250 000 kroner.

Prisen skal gå til ein kommune eller stad i landet kor ein har utmerka seg ved å «drive kvalitetsmessige og estetiske opprustningar av lokalsamfunn med mål å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring i og besøke», som det heiter i utlysinga. Alle kan føreslå kandidatar til prisen, og dei nominerte vil bli presenterte på Facebook og på heimesidene til Distriktssenteret.

Kåringa av vinnaren er det ein fagjury som skal ta seg av, og leiar for juryen er Erling Dokk Holm. Han har doktorgrad fra Arkitekt- og designhøyskolen, han har jobba mykje med byplanlegging og arkitektur. Dokk Holm er dessutan ivrig samfunnsdebatant og har faste spalter i Dagbladet Magasinet og Dagens Næringsliv. Husbanken og Distriktssenteret er sekretariat for prisen.

Prisen blir delt ut av Kommunal- og regionalminster Liv Signe Navarsete i juni.

Frist for å melde seg sjølv eller andre som kandidatar til prisen er 12. februar 2012.

Meir om prisen på Distriktssenteret sine nettsider.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...