Heim Nyhende Sogn og Fjordane er Årets nynorskkommune 2012

Sogn og Fjordane er Årets nynorskkommune 2012

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk i dag prisen Årets nynorskkommune 2012. Prisen vart delt ut av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på Det Norske Teatret.

Det er første gongen prisen vert delt ut til ein fylkeskommune. Juryen meiner at Sogn og Fjordane fylkeskommune klart skil seg ut blant årets gode søkjarar.

– Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke med høge ambisjonar for det nynorske språket. Det er viktig å oppmuntre og påskjøne det gode arbeidet med nynorsk som skjer regionalt, men som har eit langt breiare nedslagsfelt, seier Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

I følgje juryen har Sogn og Fjordane fylkeskommune ei strategisk tilnærming til nynorsk. Dei har eit overordna mål med det nynorske språket. Juryen trekkjer fram mellom anna rapporten ”Språkfakta Sogn og Fjordane 1646 – 2012” som fylkeskommunen fekk utarbeidd i år. Rapporten skal gje eit grunnlag for språkpolitisk satsing. Dette har allereie ført til at det er etablert eit Nynorsk forum. Forumet skal skape debatt kring nynorsk både i Sogn og Fjordane og ut over fylkesgrensa.

Prisen Årets nynorskkommune vart innført for fire år sidan. Han er på 100 000 kroner, og kommunane må sjølve søke om å få bli Årets nynorskkommune. For å vere med må kommunen vere aktiv på eitt eller fleire av desse områda:- aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar

– aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen

– god målbruk blant tilsette

– marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement

– tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Kriteria er utarbeidd av Kommunal- og regionaldepartementet saman med LNK.

Tidlegare vinnarar er:

2011 – Fjell kommune i Hordaland

2010 – Seljord kommune i Telemark

2009 – Stord kommune i Hordaland

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås meiner den nye læreplanen kan svekkje den samla norskkompetansen til elevane. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Undersøking: Nynorsken står svakt i lærarutdanninga

I ei undersøking går det fram at mange lærarstudentar kan fullføre studiet utan å bli vurderte i nynorsk. Over 70.000 elevar her i landet...

BankID også på nynorsk

I 20 år har BankID vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk. No er nynorsk eit alternativ for dei som ønskjer det. Nyheita om at BankID...
Vidaregåande skule

Elevane treng både «lærere» og «lærarar»

Kva skal til for at alle elevar skal få like god språkopplæring i skulen? Nøkkelen ligg hjå lærarane og i lærarutdanninga. Ei ny undersøking...

Ålesund blir språknøytrale

Formannskapet vedtok innstillinga til kommunedirektøren om språknøytralitet mot stemmene til SV. Det nyvalde formannskapet i Ålesund vedtok òg å melda kommunen ut av LNK, ifølgje...