Heim Nyhende Sogn og Fjordane er best på kultur

Sogn og Fjordane er best på kultur

I fjor brukte Sogn og Fjordane fylkeskommune 534 kroner på kultur per innbyggjar. Til samanlikning blei det brukt 262 kroner i Hordaland og 229 kroner i Rogaland.

– Eg trur at årsaka til at vi bruker så mange kroner på kultur til innbyggjarane våre er at politikarane ser på kultur som ein viktig del av regionalutviklinga. Dei har sett at det å bruke pengar på kultur gir avkastning i form av høgare aktivitet, trivsel og fleire opplevingar, seier fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingebjørg Erikstad, til lnk.no.

Ho har vore i jobben sidan 2004, og kan fortelje at satsinga på kultur ikkje er noko nytt.

– Det har vore ei stabil prioritering av kultur blant politikarane, og merksemda rundt kulturen si rolle i lokalsamfunnet er heile tida aukande, seier fylkesdirektøren.

Erikstad kan vidare fortelje at det er frivillige lag og organisasjonar som får nytte godt at løyvingane til kultur.

– Fylkeskommunen er nokså rause i forhold til det frivillige kulturlivet. Det blir også brukt ein del pengar på kunnskapsinstitusjonar som bibliotek og museum, slik at dette blir stader kor dei besøkande kan få oppleve noko, seier ho.

Slik er forbruket i dei andre fylka ifølgje Framtida: Troms (523), Nord-Trøndelag (432), Nordland (372), Oppland (349), Aust-Agder (319), Vestfold (286), Sør-Trøndelag (283), Sør-Trøndelag (279), Vest-Agder (271), Telemark (270), Møre og Romsdal (263), Hordaland (262), Rogaland (229), Østfold (227), Oslo (8), Akershus (1).

Mellom kommunane er det som vanleg kraftkommunar i toppen når det gjeld driftsutgifter til kultur. Trass i ein nedgang på nær 2000 kroner per innbyggjar, tronar Bykle framleis på toppen med 22390 kroner per innbyggjar. Modalen, Eidfjord, Utsira og Tokke er på plassane under.

Når det gjeld driftsutgifter til aktivitetstilbod for born og unge under 20 år, er det Hol, Utsira, Fyresdal, Bykle, Grong og Oslo som ligg på topp.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...