Heim Nyhende Sogn og Fjordane sa ja til Vestlandsregion

Sogn og Fjordane sa ja til Vestlandsregion

Eit fleirtal i fylkestinget i Sogn og Fjordane sa onsdag ja til at Sogn og Fjordane skal bli ein del av ein stor vestlandsregion saman med Hordaland og Rogaland.

Vedtaket blei gjort med 19 mot 11 stemmer. Det var representantane frå Sp, SV og Miljøpartiet Dei Grøne som røysta mot.

Fleirtalet la på si side vekt på at Stortinget har vedteke at talet på folkevalde regionar skal reduserast vesentleg, og at eit fleirtal av kommunane i Sogn og Fjordane er positive til at fylket blir ein del av Vestlandsregionen.

Sogn og Fjordane stiller likevel ein del klare føresetnader for samanslåinga. Klar oppgåvefordeling og ein administrasjons- og tenestestrukturen som byggjer på desentralisering, spreiing av makt og prinsippet om å ta heile regionen i bruk, er nokre av krava til fylkestingspolitikarane. Det blir også streka under at den nye Vestlandsregionen må ha nynorsk som administrasjonsspråk.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane varslar at dei vil opna opp for å invitera Møre og Romsdal inn i forhandlingar om ei ny løysing, dersom Rogaland og Hordaland ikkje går for Vestlandsregionen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...