Heim Nyhende Søkjer etter Årets nynorskkommune

Søkjer etter Årets nynorskkommune

Til hausten deler Kommunal – og regionaldepartementet ut prisen Årets nynorskkommune for femte gong. 

– Nynorsk er del av den nasjonale kulturarven vår. Språk er eit identitetsskapande verkemiddel og nynorsken er under press. Difor er det viktig å arbeide vidare for å styrkje og oppretthalde nynorskbruken. For at vi kan lukkast med det, er det viktig at det offentlege brukar nynorsk aktivt i tenestene sine, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet har sidan 2009 kvart år kåra årets beste nynorskkommune. Tidligare vinnarar er Stord kommune (2009), Seljord kommune (2010), Fjell kommune (2011) og Sogn og Fjordane fylkeskommune (2012). Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har nynorsk som målform. Utdeling av prisen Årets nynorskkommune 2013 blir i månadsskiftet september/oktober, og vinnaren mottek 100 000 kroner. Føremålet med prisen er å stimulera til god nynorskbruk i kommunane.

Les også: Sogn og Fjordane er Årets nynorskkommune 2012

Dei som kan søkje om å få prisen er nynorskkommunar som har gjort ein innsats med å bruke nynorsk på ein synleg måte i kommunale planar, som brukar nynorsk i omdøme – og informasjonsarbeid, som har god målbruk blant tilsette, som brukar nynorsk i marknadsføring, eller som har ein tidleg nynorskinnsats i barnehagar og skular. 

Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å få prisen. Søknadsfristen er 31. august 2013. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...