Heim Nyhende Løvåsen og Bratland mest sexy nynorskbrukarar

Løvåsen og Bratland mest sexy nynorskbrukarar

– Dei strålar sjølvkjensle og glede, seier juryen om dei to som er kåra til dei mest sexy nynorskbrukarane i 2013.

Forfattar Sigmund Løvåsen og folkemusikar Ingebjørg Bratland er kåra til dei mest sexy nynorskbrukarane i 2013. Dette sa juryen om vinnarane som vart kåra i går kveld:

– Det var mange god kandidatar, og det tok tid før juryen vart samde. Alle finalistane skilde seg frå kvarandre, og alle er dei verdige vinnerar. Men, som i alle kåringar skal ein stå att med vinnarane. Dei to som kan titulere seg Noregs mest sexy nynorskbrukar 2013 er Sigmund Løvåsen og Ingebjørg Bratland. Dei har båe eit lurt smil og smilande augo. Dei strålar sjølvkjensle og glede og dette er noko juryen trekk fram som positivt. I tillegg er dei gode ambassadørar for nynorsk, gjennom litteratur og song. Dei er sexy! Gratulerer!

Det er Norsk Målungdom som gjennom medlemsavisa Motmæle har halde denne konkurransen gåande i vinter. Etter intense nominasjonsrundar enda dei opp med kandidatar frå fjorten fylke, ei dame og ein mann frå kvart fylke. Løvåsen var Hedmarks-kandidaten, medan Bratland representerte Telemark.

Heile kandidatlista ser du her:

  • Vestfold: Margit Ims og Daniel Bolstad Fløde
  • Aust-Agder: Sanjin Kazagic og Åse Bjorvatn
  • Telemark: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland
  • Sør-Trøndelag: Arnfinn Muruvik Vonen
  • Buskerud: Stein Torleif Bjella og Åse Wetås
  • Finnmark: Sivert Isaksen Warth
  • Hedmark: Sigmund Løvåsen og Kristin Fridtun
  • Nordland: Ingar Arnøy og Ingvild Elisabeth Fagereng
  • Oppland: Marie Klåpbakken og Knut Aastad Bråten
  • Oslo: Marit Mæhle Grimsrud og Jens Kihl
  • Hordaland: Audun Kjørstad og Ingrid Ophaug Dahl
  • Møre og Romsdal: Ann Iren Folkestad og Øyvind Osdal Runde
  • Rogaland: Hadia Tajik og Odin Omdal Hørthe
  • Sogn og Fjordane: Tarjei Bø og Tone Damli Aaberge

Kristina E. Sæterdal, Karl Peder Mork og Anne Straume har sitte i juryen for kåringa.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...
Vidaregåande skule

Føreslår å fastsetja hovudmål på vidaregåande skular

I forslaget til ny opplæringslov føreslår regjeringa fleire større og mindre endringar til språk på skulane. Departementet føreslår blant anna: å vidareføra at kommunen skal...

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...