Heim Nyhende Skapar på tvers av landegrenser

Skapar på tvers av landegrenser

Áslaug Jónsdóttir synest det er viktig å skilje mellom god og dårleg kvalitet på litteraturen, meir enn kva aldersgruppe den er laga for.

Den islandske forfattaren og illustratøren Áslaug Jónsdóttir er mest kjend for norske lesarar som ein av trekløveret som lagar bøkene om Veslemonster og Storemonster. Dei andre to er høvesvis Rakel Helmsdal frå Færøyane og Kalle Güettler frå Sverige. Dei har kvar sine roller i ein produksjon, seier ho.

– Vi er alle forfattarar av tekstar og konsept. Alle tre skriv kvart sit forslag til eit bokmanus som vi så arbeider saman på. Eg er også illustratør og bokdesignar, eg lagar bildeforteljinga og layouten. Sjølv om  vil startar opp med tre ulike idear, så skjer det aller mest når vi sit saman og arbeider: då kjem samansmeltinga, vi vender og dreier på det heile, konseptet blir klårare, tekstane blir meir konsentrerte. Vi arbeider med idear, skisser og tekst på alle tre språka på ein gong, seier ho til Pirion.no.

– Vi held intensive workshops og har då minst tre nye manus å jobbe med. Unntaket er den første boka: “Nei! sa Veslemonster” kor det første utkastet blei laga på et kurs for nordiske forfattarar og illustratørar på Biskops Arnö i Sverige i 2001. 

Jobbar best saman

Å jobbe på tvers av geografien gjer at dei må stole på epost, Skype og alle dei elektroniske verktøya, forklarar ho. Slik er jo all kommunikasjon etter kvart blitt, dette gjeld for kommunikasjon med forlag og redaktørar også.

– Men vi har også oppdaga at det er ikkje noko som overgår workshops kor vi møtest personleg i Island, Sverige eller Færøyene. Det er der vi verkeleg får snakka saman, godt  og grundig. Dette er ikkje nokon billig arbeidsmetode, og prosessen for ei bok tar tre gonger så lang tid som når ein arbeider aleine. Der er mange avgjerder ein skal ta ,og kvart spørsmål får tre svar som skal koordinerast. Og så er vi tre ikkje alltid online på same tid. Men vi får igjen i form av fleire interessante synsvinklar, tankar og argument som vi ikkje ville ha fått fram viss éin var aleine om det.

Når det gjeld språket i samarbeidet karaktieriserer ho det som både morosamt og uhyre lærerikt.

– Vi lærer at det er nyanser i desse nært beslekta språka som ein ikkje ante var der. Det handlar sjølvsagt mykje om vår heilt personlege måte å bruke språket på. Vi er tre ulike forfattarar som arbeider med tekstar for store og små barn, med illustrasjon og teater. Andre forfattarar ville gjerne ha gjort det på ein annan måte. 

Påverkar språket

– Vi omset ikkje. Bøkene kan godt vere litt ulike i språket, det kjem an på kven som er forfattar. Vi er samde om kva som skal stå i teksten, men vi held på våre personlege måtar å framstille det på. Når vi arbeider med manusa våre har vi fire spalter, med forteljinga på islandsk, færøysk, svensk og dansk. Dansk vart med som referansespråk, ettersom Kalle ikkje hadde lært islandsk eller færøysk. Men no kan han etter kvart ein heil del! 

– Det skjer fort at når ein arbeider med ”sitt eige” språk i forteljinga, så påverkar det dei andre språka. Noko ein ikkje var merksam på i dei språka ein ikkje eig sjølv. Alle tre språka har vore med og påverka val av ord ”over grensene”, og dermed synsvinkelen i historia. Slik magisk makt kan ord ha: ein liten nyanse, ein tone, kan forandre så mykje.

– Er det like stor skilnad i bildespråket som i skriftspråket dei tre landa imellom?

No er det berre eg som illustrerer i dette samarbeidet. Og eg har vore svært glad for å kunne arbeide så tett saman med medforfattarane mine. Vi har endra tekst på grunn av bilde og omvendt.  

Ulike formspråk

– Eg trur saktens ein kan sjå skilnad på bildebokillustrasjonar i dei nordiske landa. Eg er svært begesitra for den flotte variasjonen av illustrasjonar og det høge kunstnariske nivået de har i Noreg. Dei er meir gjennomarbeidde enn til dømes dansk illustrasjon, som har denne litt uhøgtidlege, skisseaktige teikninga – kor dei også har ein del guteaktige karikaturteikning.

– Sverige held framleis mest på den lyse og lette tonen, kanskje noko blidare og enklare enn dei andre. Men med fin humor og fargesans. Finland har også ein god del underfundig humor – og abslutt ein mørkare fargepalett. Kanskje er det fargane som skil landa? Men både på Færøyene og Island har ein måtte reise ut for å få seg utdanning, og derfor er det kanskje vanskelegare å finne den islandske illustratørstilen.

Ikkje høg status

Ho skulle ønske ho kunne seie barnelitteraturen har høg status i Island, men slik er det dessverre ikkje. Ein kan også spørje seg om barn har høg status i Island, meiner ho.

– Eg høyrer stadig at vi skal skrive bøker som barn gidd å lese slik at vi kan trene opp det ein kallar framtidas lesarar. Altså er det vaksenlitteraturen som er målet. Ikkje dei heilt fantastiske bøkene ein kan lese heile livet: bøker som også er for barn, for ikkje å snakke om bøker med bildekunst. 

– Illustrasjonar skal ein ikkje bruke når barna kan lese sjølve. Det blir sagt at det kan frårøve dei fantasien. Eg som sjølv blir svært inspirert av det visuelle har vanskeleg for å forstå ei slik frase. Men eg forstår at ein dårleg illustrasjon kan ha likså negativ påverknad som ein dårleg tekst. Derfor må ein til dømes støtte illustratørar og forfattarar som skriv for barn i eit lite språksamfunn som Island kor royalties sjeldan er nok til å dekkje ei riktig løn. Og i denne samanhengen er illustratørar på botnen. Eg har vore heldig som multikunstnar, men vi er alt for få.

For få forfattarar

Ho peikar vidare på at det manglar meir begrunna kritikk, utdanna kritikarar, diskusjon og dekning for dei som formidlar bøkene, nemleg dei vaksne. Som eit døme viser ho til at eit islandsk fjernsynsprogram om litteratur ikkje har barnelitteraturen med. Forklaringa kan vere at det er for lite tid i fjernsyn, og då blir barnelitteraturen vald vekk. 

– Vi har derfor ikkje ein stor eller sterk stall med barnebokforfattarar. Det er nokre få som overlever og held stand, men bøkene deira druknar ofte i ein flod av dårleg omsette og billig fabrikkerte bøker, typisk maltrakterte, skrikande kulørte eventyr av Brødrene Grimm eller H.C. Andersen. Publikum som aldri høyrer snakk om god og dårleg barnelitteratur kan jo ikkje sjå skilnaden. Innafor omgrepet kvalitet er det rom for mykje, også gamle eventyr. Om bøker av dårleg kvalitet forsvinn, gjer det ikkje noko for den totale floraen av bøker. Alle moglege bøker skal vere der, men dei må vere av god kvalitet.

– Kva jobbar du med no?

Eg sjonglerer med litt for mange idear for tida og har litt vanskeleg for å velje eit bestemt prosjekt. Eg har stoff til bildebøker, teater, bildekunst og bokkunst. Dessutan har vi i monster-banden tre nye monster-manus i kverna. 

– Kva inspirerer deg?

– Alt! Dyret i mennesket, mennesket i dyret; naturen, havet og himmelen. Eg ser “ein stemning” eller bilde eg vil lage, eg høyrer klangen av ord eg vil skrive. Eg prøver gjerne å skildre og fange kjenslene, sinnets opplevingar – som i høg grad er undervurderte i forhold til fornufta. Slik kan kjenslemessige reaksjonar berre bortforklarast som noko gjennomtenkt og rasjonelt. 

Bildet seier meir enn ord

– Men eg undrar, når ein enno ser nasjonar på randen av krig på grunn av nokre menns såra stoltheit: burde ein ikkje snakke litt om kjensler i staden for alle dei langstrekte forklaringane? Eg trur også heile verda ville for meir fredsam viss folk las ei god barnebok før dei gjekk og la seg.

Som forfattar og illustratør likar ho begge sidene av jobben sin. Men viss ho vart tvungen til å velje ein av område, ville det bli illustrasjonen.

–  Eit bilde kan jo seie meir enn mange ord! Eg ville framleis kunne fortelje, skildre og lage poesi i bilda. Så har det noko med den lukkelege samankoplinga av hand og hjerne å gjere. Det er veldig tilfredsstillande å skape noko med hendene. Du treng ikkje dyre hjelpemiddel, du kan teikne med kaffi, risse i brødsmular eller doggen på spegelen. Du treng berre hendene dine og litt fantasi. 

Les den opphavlege saka i Pirion.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...