Heim Nyhende Solfrid Borge innstilt som ny leiar i LNK

Solfrid Borge innstilt som ny leiar i LNK

Solfrid Borge frå Ullensvang er innstilt som ny leiar i LNK. Borge er ordførar i Ullensvang herad og har sete i styret til LNK sidan 2007.

Ho har også vore leiar for stiftinga Diktarvegen. Sitjande styreleiar Astrid Myran Årvik ønskjer ikkje å ta attval som leiar, men blir sitjande i styret til LNK.

Styremedlem Laura Seltveit frå Sauda tek ikkje attval, og valnemnda har innstilt Halvor Lilleslett, ordførar i Gol kommune, som ny fast
styremedlem.

Nye varamedlemmer er Liv Kari Eskeland, ordførar i Stord kommune og Kari Vaage Gjuvsland, varaordførar i Suldal kommune.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar er 20 år i år, og organisasjonen har i løpet av desse åra hatt tre leiarar: Nils Taklo frå Ørsta kommune 1993–2002, Jan Magne Dahle frå Ørsta kommune og Møre og Romsdal fylke 2003–2010 og Astrid Myran Aarvik frå Årdal kommune og Lærdal kommune 2011–2012.

Nye varamedlemmer er Liv Kari Eskeland, ordførar i Stord kommune og Kari Vaage Gjuvsland, varaordførar i Suldal kommune.

Årsmøtet til LNK blir gjennomført under Landstinget på Voss 23 – 25 april.

Les programmet til landstinget her: https://lnk.no/images/stories/landstinget2013/LNK_Landsting_2013_program_og_invitasjon.pdf

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...