Heim Nyhende Sommarprat: Arnfinn Muruvik Vonen

Sommarprat: Arnfinn Muruvik Vonen

– Staten har ei særs viktig rolle som språkleg føredøme, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet. 

Alder ?
53 år.

Yrke ?
Språkvitar og direktør i Språkrådet.

Brukar sommaren til ?

I slutten av juni og byrjinga av august er eg med på to av hovudtilskipingane i Språkåret: Dei nynorske festspela og markeringa av fødselsdagen til Ivar Aasen. I juli blir det mykje roleg hytteliv i Vrådal i Telemark. Blir vêret bra, blir det nok både soling og bading i tillegg til å nyte dialekten på staden.

Kvifor er språk så viktig?

Fordi språk er det fremste verktøyet vi har til å tenkje og til å vere saman med andre menneske. Språkvala våre ber bod om kven vi er og vil vere, og gjennom språket uttrykkjer vi kjærleiken vår, makta vår og – nokre gonger – avmakta vår. Og så er det både morosamt og innsiktsgjevande å gå på jakt etter dei råkande orda og dei fine grammatiske mønstera i språket.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg?

Først og fremst kunne nynorsken vore meir synleg der han skulle vore det etter lova – i statlege tekstar. Staten har ei særs viktig rolle som språkleg føredøme. Om fleire statsorgan hadde følgt målbruksreglane, trur eg vi ville sett meir nynorsk i andre samanhengar òg, og fleire språkbrukarar ville lagt frå seg nokre fordommar om nynorsk. Nokre bedrifter har valt å profilere seg som nynorskbrukarar, det er det rom for at mange fleire gjer.

Kva trur du skjer med nynorsken etter stortingsvalet til hausten?

Nynorsk er eit robust skriftspråk som vil leve godt i mange år enno, og det er brei politisk semje om å ta vare på språkarven vår og dyrke båe dei to jamstilte norske målformene. Språkrådet arbeider med å setje den heilskaplege norske språkpolitikken ut i livet, og det vil vi gjere etter valet òg.

Kvifor nynorsk ?
Fordi nynorsk finst og er det føretrekte skriftspråket til ein halv million menneske her i landet. Og så er nynorsken så fin attpåtil!

Meir sommarsnakk finn du her

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...