Heim Nyhende Sommarkviss: Nynorsksenteret

Sommarkviss: Nynorsksenteret

I sommar kan du prøve deg på ein sommarkviss i veka. Denne veka kjem spørsmåla frå Nynorsksenteret.

 

 

1. Kven fekk nynorsk barnelitteraturpris i år?

a) Erna Osland
b) Kari Stai
c) Anna R. Folkestad

2. Kven har skrive den nynorske teksten på «Sett deg i armkroken min»?

a) Ivar Medaas
b) Øystein Sunde
c) Geirr Lystrup

3. Kven gav ut plata Neonlys på Ivar Aasen?

a) Henning Sommerro
b) Aasmund Nordstoga
c) Herborg Kråkevik

4. Kva er den største nynorskavisa, målt etter opplag i 2012?

a) Firda (Førde)
b) Dag og Tid (Oslo)
c) Jærbladet (Bryne)

5. Den første offisielle rettskrivinga for landsmål vart vedteken i 1901 og fekk namn etter Marius Hægstad, leiaren for rettskrivingsnemnda. Kven andre sat i nemnda?

a) Arne Garborg og Rasmus Flo
b) Alf Torp og Hans Ross
c) Ivar Mortensson og Moltke Moe

6. Hægstadnormalen vart offisiell rettskriving i 1901, men på kva måte fatta regjeringa vedtaket?

a) Som eiga stortingsmelding, den såkalla «Hægstadmeldinga»
b) Som «blokkgodkjenning» av eit nytt læreverk, ikkje som departementsvedtak
c) Som særskilt departementsvedtak med tittelen «Retskrivning for landsmaal i skolen»

7. Kva år vart Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) skipa?

a) 2000
b) 2005
c) 2010

8. Kva heiter bladet til Nynorsksenteret?

a) Nynorskopplæring
b) Nynorsk i skulen
c) Sidemålsnytt

Svara finn du her 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Programmet for Litteraturdagane er klart!

24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg...

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...