Heim Nyhende Fleire nøgde bibliotekbrukarar

Fleire nøgde bibliotekbrukarar

Meir synlege bibliotek er truleg hovudårsaka til fleire nøgde brukarar ifølgje leiar i Norsk Bibliotekforening, Ingeborg Rygh Hjorten.

Meir enn halvparten som er spurde i ei ny underøking utført av Sentio for Nationen, seier dei er godt nøgde med bibliotektilbodet der dei bur skriv Nationen. 25 prosent gir biblioteka toppkarakter, medan berre to prosent svarar at dei ikkje er nøgde der dei bur i det heile.

Hjorten meiner kulturutgreiinga til Anne Enger Lahnstein, der ho peika på biblioteka som ein viktig del av den kulturelle grunnmuren i Noreg, samstundes som biblioteka har vore systematisk nedprioritert og underfinansiert, har gjort at folk har fått opp auga for at biblioteka har vore sveltefora.

Kulturpolitisk talsmann i Høgre, Olemic Thommesen, seier til Nationen at han ikkje er overraska over tala. Ifølgje Thommesen er det mange gode bibliotek og bibliotekarar rundt om i landet, og eit grunnleggjande medvit om at biblioteka er viktige.
Ifølgje Thommesen handlar det om å innta ei rolle som aktiv kultur- og debattarena lokalt. For mange grender vert biblioteka den naturlege arenaen for kulturaktiviteter, som ikkje krev ei stor scene.

Dei mest nøgde brukarane finn ein på Sørlandet og i Telemark, syner undersøkinga. Generelt er folk i distrikta meir nøgde med bibliotektilbodet der dei bur enn folk i byane.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...