Heim Nyhende Testa ut Framtida Junior i praksis: – Kjempeartig!

Testa ut Framtida Junior i praksis: – Kjempeartig!

Lærarstudentane Amalie Pauline Steindal Johansen og Maria Moen Jakobsen fekk ei fin oppleving med å bruka Framtida Junior i undervisinga på ungdomsskulen.

Lærarutdanninga på Nord universitetet i Bodø har no i vinter hatt eit prosjekt der dei har brukt Framtida junior i to klassar på ungdomsskulen for å jobba med språkhaldningar og haldningar meir generelt. Prosjektet var eit tverrfagleg samarbeid mellom faga norsk og KRLE.

– Me brukte den utgåva av avisa som hadde språk som tema fordi det passa godt til prosjektet vårt om språkhaldningar, fortel faglærarane Kåre Sigvald Fuglseth (KRLE) og Irene Løstegaard Olsen (norsk).

– I klasserommet starta me med ein påstandsleik knytta til ulike aspekt ved språk, både munnleg og skriftleg. Elevane sine meningar om dette var ganske forskjellige, men når det kom til dialekt, var alle einige om at standard austlandsk ikkje var finare enn nordnorsk, fortel Maria Moen Jakobsen. Ho og medstudent Amalie Pauline Steindal Johansen er fjerdeårsstudentar på lærarutdanninga i Bodø.

I påstandsleiken måtte elevane flytta seg i klasserommet alt etter kva dei meinte.

– På den måten blei elevane tvungne til å ta eit standpunkt, og då blei det meir deira eigne standpunkt enn om me berre hadde handsopprekking, seier ho. (Dette skjønte eg ikkje, handlar det om at det er mer frivillig å ta standpunkt når det er handsopprekking?)

På jakt etter språkhaldningar

Etter påstandsleiken fekk elevane leite gjennom avisa etter uttrykk for språkhaldningar, og dei fekk velja ulike uttrykksmåtar som skodespel og teikneserie til å uttrykka desse..

– Elevane var kjempenøgd med opplegget. Det var kjempeartig, seier Maria Moen Jakobsen. Elevane hennar var i ein niandeklasse.

– Ein av elevane sa at det var mykje meir morosamt enn å halda på med fag. Då sa eg at dei hadde jobba mykje med fag, med både lesing og diskusjon og jobbing.

– Kosa seg med avisa!

Amalie Pauline Steindal Johansen var saman med ein åttandeklasse.

– Mange av elevane mine valde å laga ein sketsj om språkhaldningar. Eg fekk ei veldig god oppleving av å ha nynorsk i undervisinga, og lærte mykje om språkhaldningar.

– Eg fekk inntrykk av at elevane likte Framtida Junior veldig godt! Dei kosa seg med avisa, og fekk lesa det dei ville. Når dei får ein slik fridom, så får dei lesa det dei synest er interessant. Fleire av elevane ville gjerne ha lenger tid på seg til å lesa.

Elevane deira har nynorsk som sidemål.

– Elevane ensa nesten ikkje at det var nynorsk dei heldt på med. Di meir ein møter nynorsk, og di meir ein beherskar det, di meir likar ein det, understrekar Amalie Pauline Steindal Johansen

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...

Lat Språkrådet vera Språkrådet

Landsmøtet i Mållaget er svært uroa for at ei samanslåing vil svekkja Språkrådet og vera til hinder for ei forståing av at språkarbeid er...