Heim Nyhende Sommarprat: Hadia Tajik

Sommarprat: Hadia Tajik

Kulturministeren ser gjerne meir nynorsk i næringslivet

 

Alder: 29 (vert 30 den 18. juli)

Yrke: kulturminister

Bruker sommaren til: å lese og ha fri

Kvifor er språk så viktig?
Grunnleggjande sett fordi språk og tanke heng nært saman, og fordi både personlig identitet og gruppeidentitet, gjerne også nasjonal identitet, i stor grad er knytt til språket. Språk og språkmeistring er ofte avgjerande for framgang i skule og utdanning, i arbeid og yrke. Språk gir også tilgang til litteratur og andre kulturuttrykk. Språket er ein berar av kulturarv og kan vera den nøkkelen som opnar døra inn til denne arven. Med andre ord: Språk er noko langt meir enn eit middel for effektiv kommunikasjon. Språk er kultur, og ulike språk er unike uttrykk for ein menneskeleg erfaringsrikdom, for kulturelt og intellektuelt mangfald.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg?
På nesten alle område, men særleg i næringslivet, innanfor reklame- og teknologiutvikling, i avisa og i det heile på alle område som kan vera med å gi eit språk særleg status og prestisje. For nynorsk duger til alt, ikkje berre i dikt og song!

Kva trur du skjer med nynorsken etter stortingsvalet til hausten?
Det kjem heilt an på korleis valet går. Me tek mål av oss å fortsetja arbeidet for norsk språk òg etter valet. Men Høgre har sagt at dei vil fjerne den obligatoriske nynorsken frå skulen. Det vil svekke nynorsken si posisjon ganske kraftig. Ein får med andre ord stemme etter hjartet og hjernen om ein er nynorskmann eller -kvinne.

Kvifor nynorsk?
Av di nynorsk er eit uutsletteleg avtrykk av norsk historie og norsk kultur og ein umisteleg del av det språklege mangfaldet i verda! Ingen andre enn me i Noreg kan ta ansvaret for å halda denne arven i hevd som ein levande del av vår kultur. Nynorsk har langt tradisjon som likeverdig og formelt likestilt med det norske fleirtalsspråket og er i dag eitt av to nasjonale hovudspråk i landet vårt. Tenk for ein rikdom og for ein meirverdi dette dobbelte uttrykksregisteret representerer for norsk kultur- og samfunnsliv! I tillegg har nynorsk sjølvsagt ein særleg verdi for alle oss som har nynorskbakgrunn og som er nynorskbrukarar i større eller mindre grad. Derfor er nynorsk også eit spørsmål om språklege rettar og interesser i samfunnet vårt.

Meir sommarsnakk finn du her!

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Programmet for Litteraturdagane er klart!

24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg...

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...