Heim Nyhende Sommarsnakk med Hilde Sandvik

Sommarsnakk med Hilde Sandvik

Debattredaktøren i Bergens Tidende trur mange redaktørar undervurderer lesarane sine når det gjeld språk.

Namn: Hilde Sandvik

Alder: 39

Jobbar som: Samfunnsredaktør i Bergens Tidende

Bruker sommaren til: Lese, skrive og redigere, pusse opp hytte, for så å nyte verket i solnedgangen med gode vener. Reiser er for hausten.

Bruker du nynorsk i blogg, Twitter, Facebook og i andre sosiale nettverk: Ja

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: I VG, Dagbladet og Aftenposten, men på ein usynleg og naturleg måte, fordi det bør vere normalt å lese nynorsk.

Bør aviser som ikkje tillet båe målformer som redaksjonsspråk få pressestøtte: Eg trur på den einskilde redaktørens valfridom, men finn det underleg at enkelte redaktørar tilsynelatande trur at dei ville ha mista lesarar om dei slepte til nynorsk. Eg trur dei undervurderer lesaren.

Har det noko å bety for deg om bøker og aviser er på nynorsk og/eller bokmål: Det tyder noko for meg at det finst god litteratur og gode aviser og det ville ha tydd noko for meg personleg om eg ikkje hadde hatt høve til å bruke den målforma som eg formulerer meg best i.

Kvifor nynorsk: Kvifor bokmål? Det var språket eg fekk då eg var lita jente. Det er ein del av meg.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...