Heim Nyhende Sommarsnakk med Trine L. Hjellhaug

Sommarsnakk med Trine L. Hjellhaug

Trine Lerum Hjellhaug (35) meiner ein vil sjå meir nynorsk reklame framover.

Namn: Trine Lerum Hjellhaug 

Alder: 35 år 

Yrke: Adm. direktør i Lerum

Skal bruke sommaren til:
Å vere saman med familien min. På programmet står mellom anna eit besøk hjå Kaptein Sabeltann…

Kvifor vel Lerum å marknadsføre seg på nynorsk?
Lerum marknadsførar seg på nynorsk fordi det er det målføret vi snakkar, og det er naturleg for oss. Det har med identitet å gjere. Vi kjem frå saftbygda Sogndal, og det er vi stolte av. Dessutan er nynorsk eit flott språk å marknadsføre seg på. Det er eit språk med mangfald og gode uttrykk.

Får bedrifta nokre spesielle utfordringar med å marknadsføre seg / profilere seg på nynorsk?
Dei største utfordringane våre er at reklamebyråa våre ikkje har nynorsk som hovudspråk. Vi vert saumfarde av nynorsktilhengarar, og må heile tida lese nøye korrektur. Vi brukar mykje tid på dette. Likevel kan det fort snike seg inn ein feil eller to…

Kva må til for at fleire bedrifter skal bruke nynorsk, i staden for bokmål eller engelsk?
Det ser ut til at fleire bedrifter brukar nynorsk no, og vi meiner Lerum har bidrege til det. Vi har ufarleggjort nynorsken, og torer å bruke den fullt ut. For våre kundar betyr det mykje, vi står for den vi er, og det skapar tryggleik.

Kva trur du om framtida til nynorsken?
Eg trur nynorsken vil overleva. Vi vil sjå meir nynorsk i reklame framover, og eg trur den vil bli meir «in». Vi må gjera nynorsk ungdommeleg og lett forståeleg, det er den på veg til å verta no. Eg har stor tru på nynorsken, flottare språk skal ein leita lenge etter!

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Eit nytt kulturløft må løfta nynorsk

– Regjeringa lovar ein aktiv språkpolitikk og har gode tiltak i sitt budsjettframlegg, men gløymer at institusjonane er avgjerande for språket, seier sekretær for...

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Stor interesse for Litteraturdagane 2025 i Vinje

Vinjesenteret opnar dørene til Litteraturdagane på torsdag. Interessa har vore stor, festivalpassa er alt utselde, og til fleire av programpostane er det få billettar...