Heim Nyhende Språk er nøkkelen

Språk er nøkkelen

– Flyktningar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune, kan i dag risikere å få berre bokmålsopplæring når dei skal lære seg norsk. Noregs Mållag meiner at vaksne innvandrarar i nynorskområde må få lære seg nynorsk, skriv leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø. 


– Språk er ein nøkkel til vellukka integrering. I kommunar der nynorsk er skule- og administrasjonsmål burde det vere innlysande at opplæring i nynorsk er eit godt tilbod til innvandrarar. Med kunnskapar i nynorsk er det lettare for dei å hjelpe borna med leksene, forstå informasjon frå kommunen, lese lokalavisa og elles finne seg til rette i miljøet. Nynorsk gjer også innvandrarar betre i stand til å forstå og bruke den lokale dialekten, og betre i stand til å forstå dei mange ulike dialektane i Noreg, skriv ho i Stavanger Aftenblad. 

– Dagens regelverk seier ikkje noko om kva for språk elevar ved opplæringssentra skal lære. Viss ikkje kommunen har gjort eit vedtak om administrasjonsspråk, står opplæringssenteret fritt til å velje nynorsk eller bokmål. Kva språk dei vaksne innvandrarane i kommunen skal lære, bør følgje administrasjonsmålet i kommunen.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...