Heim Nyhende Oppmodar nye og gamle kommunar til å vedta språkbruksplanar

Oppmodar nye og gamle kommunar til å vedta språkbruksplanar

LNK oppmodar fleire kommunar å vedta språkbruksplanar. No er nye malar utarbeidd – også malar for samanslegne kommunar som blir språknøytrale.

Ein tredjedel av LNK sine medlemskommunar har no vedteke eigne språkbruksplanar, eller målbruksplanar som dei òg blir kalla. Dei fleste planane byggjer på ein mal som LNK har sendt ut.

– Språkbruksplanar er viktige fordi dei set språkspørsmål på dagsorden i kommunane og fordi dei ofte plasserer ansvaret for kommunespråket hos ein etat eller avdeling. Planane fører til sikrare språkbruk hos tilsette og til ei meir medviten haldning i språkspørsmål generelt, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

Nye planar

Jan Olav Fretland og Jostein Avdem Fretland har no utarbeidd språkplanar for både nynorskkommunar og reelt tospråklege kommunar.

– Me har delt det inn i to, med ein politisk del med konkrete reglar for korleis nynorsken skal takast vare. Det gjeld til dømes at det skal rapporterast til kommunestyret korleis det går med nynorsken i skulane, kva språkarbeid som er gjort, kva som har gått bra og ikkje så bra.

For dei samanslegne språknøytrale kommunane har Fretland & Fretland laga ein språkplan som prøver å bidra kommunane til å vera mest mogleg språknøytrale og ta vare på nynorsken.

– Ei samanslåing er eit gyllent høve til å få på plass ein språkbruksplan, seier Jan Olav Fretland, som til dagleg jobbar som dosent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Nordmøre Mållag har støtta utarbeidinga av språkplanar for samanslegne, språknøytrale kommunar.

Bidrar til samla trykk

Jan Olav Fretland meiner språkbruksplanar kan vera veldig viktige.

– Dei kan vera med på å skapa eit samla trykk mot Utdanningsdirektoratet, programvareleverandørar og sløvheit mellom dei som ikkje kan nynorsk i kommunane. Til slutt blir det eit marknadstrykk som ein lenge har snakka om.

Malane finn du under, saman med eit notat om tospråklege kommunar:

Notat om tospråklege kommunar

Språkbruksplan for språkdelt og samanslegen kommune

Språkbruksplan for nynorsk, samanslegen kommune

Alternativ for ikkje samanslegne kommunar

Retningslinjer for bruk av nynorsk og bokmål i X samanslegen kommune

Retningslinjer for språkbruken i X kommune

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...