Heim Nyhende – Språket treng folk

– Språket treng folk

Å nå folk gjennom deira eige språk og identitet, var hovudbodskapen under opninga av Dei Nynorske Festspela 2018 torsdag.

 

– «Det er noko som manglar her», tenkte også Ivar Aasen. Folket har eit språk, men dei manglar det i skrift. Skulle det bli levande setningar, måtte det vere på folket sitt eige talemål. Slik opna dagleg leiar Gaute Øverås i Aasentunet Dei Nynorske Festspela 2018.

I år er det Marit Eikemo som er festspeldiktar. I talen under den første programposten, Blomar ved bauta, knytte Øvereng tankane til Ivar Aasen og utgangspunktet for å utvikle det nynorske skriftspråket, til forfattarskapen til festspeldiktaren. Temaet under festspela i år er identitet, og setninga om det som manglar, er henta frå «Samtidsruinar».

Talen i år handla også om det å skape fordommar, setje folk i bås, knytt opp til identitetsskapande faktorar.

– Språket seier noko om kven vi nordmenn er, men kan også brukast som eit døme på kva vi trur andre er. Kor lett det er å setje folk i bås, sa Øvereng.

Som eit levande døme på dette fortalde han at ingen av dei han hatt omvising for i Aasentunet, har vore i nærleiken av det rette svaret når det gjeld kva som er undertittelen på den aller første nynorske teksten som stod på trykk i Morgonbladet 5. januar 1849; «Samtale mellom to bønder». Undertittelen er «Om Begivenhederne i Udlandet», og ikkje avling, dyr og subsidiar som har vore nokre av forslaga frå publikum i omvisingane.

– Det har blitt ein vekkjar for meg – kor lett det er å trekke raske konklusjonar, basert på ein enkel merkelapp på folk, sa Øvereng i talen. (©NTB)

LES OGSÅ: Over 800.000 brukarar på Framtida.no i 2017

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...