Heim Nyhende Språkprisar til Edvard Hoem og Gyrid Gunnes

Språkprisar til Edvard Hoem og Gyrid Gunnes

Edvard Hoem fekk tysdag Språkprisen 2013 for framifrå nynorsk, medan Gyrid Gunnes fekk prisen for framifrå bokmål. Juryen rosar vinnarane for presist, klart og stilsikkert språk.

 

Språkprisen blei delt ut av Språkrådet for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Vinnarane fekk 50.000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar.

–  Vinnarane handlar i strid med konvensjonell språkleg praksis, skriv juryen.

Edvard Hoem vann nynorskprisen for biografien om Bjørnstjerne Bjørnson.

–  Blant biografar i samtida står vinnaren av nynorskprisen i ei klasse for seg. Han skriv lett og ledig, men aldri likegyldig. Han greier å framstille ei kompleks og nokså turbulent historie med stort kjeldetilfang i eit klårt og presist nynorsk språk. Med dei fire banda i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson har han løfta heile den nyare norske historia inn i moderne nynorsk språkdrakt, skriv juryen.

Hoem sjølv var ikkje førebudd på at han kunne vinne prisen.

–  Dette var uventa. Eg har aldri tenkt at eg kunne vinne denne prisen, for eg har aldri tenkt på meg sjølv som sakprosaist, sa Hoem under utdelinga.

Bokmålsprisen gjekk i år til Gyrid Gunnes for boka «Stemmer. Å forkynne Guds ord klart og urent. Utkast til en feministisk prekenpraksis» (2013) og for kronikkar publiserte i Dagbladet og Morgenbladet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...