Heim Nyhende Aktuelt: Trur nynorsken vil døy ut

Aktuelt: Trur nynorsken vil døy ut

Brukar du nynorsk, forsvinn du i mengda, seier PR-rådgjevar Hans Geelmuyden Kiese.

 

– Du har uttalt at nynorsk som marknadsspråk i næringslivet er eit døyande språk. Kvifor trur du det?

– Spørsmålet er ikkje heilt presist. Bakgrunnen for uttalen min er ein artikkel avisa Bygdanytt ville skrive om bruk av nynorsk hjå bedriftene i avisa sitt nedslagsfelt i Osterøy kommune ved Bergen. Avisa fann at av dei 20 største bedriftene i nedslagsfeltet var det berre to som presenterte seg på nynorsk. Så ringde Bygdanytt meg og spurde kva eg trudde var grunnen. Innleiingsvis gjorde eg journalisten merksam på at han snakka med ein livsvarig medlem av Riksmålsforbundet, men at eg ville svare så godt eg kunne. Slik svarte eg:

— Dei brukar bokmål fordi nynorsk er eit døyande språk. Vi i kommunikasjonsbransjen er opptekne av alt som lever. Bokmål er ein meir effektiv måte å kommunisere på ovanfor kundane enn nynorsk. Færre og færre snakkar og brukar nynorsk i det daglege, så eg synest bedriftene på Osterøy gjer rett i å bruke bokmål, seier Geelmuyden.

– Kva bør næringslivet satse på for å bygge omdømme og identitet?

– Dei må kommunisere tydeleg og forståeleg. Veldig mange fleire forstår bokmål enn nynorsk, så med mindre du har ei bitte lita målgruppe i distriktet, vil truleg bokmål byggje omdømme og identitet meir effektivt.

– Kva trur du om framtida til nynorsken som skriftsspråk?

– Nynorsk er ikkje dødt, berre døyande. Tala taler sitt tydelege språk. I 1952 valde 25 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk. I 1980 var talet kome ned til 16,4 prosent. I 2012 var det 12,6 prosent nynorskbrukarar tilbake. I grunnskulen er det foreldra som vel barna sitt språk. I vidaregåande får elevane velje sjølv. Då fell talet på nynorskbrukarar til 6,5 prosent blant dei som avla eksamen i norsk i 2012. Dersom utviklinga fortset som no, vil døden inntreffe om nokre år. Min spådom er at utviklinga vil akselerere. Delvis fordi me opplever tiltakande urbanisering, delvis på grunn av Internett, der det er viktig å vere søkbar. Brukar du nynorsk, forsvinn du i mengda. Søkemotorane finn deg ikkje.

– Burde me hatt eitt skriftspråk i landet, og ikkje to?

– Det er eit politisk spørsmål som eg ikkje har noko sterkt syn på. Politikarane får finne ut om norske elevar framleis skal bruke tid på skriftleg sidemål, og om staten skal bruke pengar på to likestilte offentlige skriftsspråk. I botn og grunn handlar det om kor lenge ein skal gje havre til en døyande hest.

– Kva er ditt beste PR-råd til målrørsla?

– Løft fram det beste i nynorsken; Vesaas, Olav H. Hauge og all den fantastiske litteraturen som er skrive på dette klangfulle språket.

– Korleis trur du kommunane kan bruke språk og identitet til å rekruttere innbyggarar og arbeidskraft?

– Det er ikkje primært eit spørsmål om språkform. Det er primært eit spørsmål om korleis kommunane prioriterer kommuneøkonomien og leverer tenester til innbyggarane i kommunen.

– Kva er ditt personlege forhold til nynorsken?

– La meg understreke at eg ikkje føler noka glede over denne utviklinga. Eg berre registrerer ho. Nynorsk er både klangfullt og vakkert.   

——————————– 

Namn: Hans Geelmuyden Kiese
Alder: 56
Bur: Oslo
Aktuell: Åtvara tidlegare i år næringslivet i Osterøy kommune mot å bruke nynorsk som marknadsføringsspråk

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...