Heim Nyhende Språkprisen 2015 til Einar Økland

Språkprisen 2015 til Einar Økland

Forfattaren Einar Økland tok i mot prisen på Språkdagen.

 

Forfattaren Einar Økland får i dag Språkprisen 2015. Kvart år deler Språkrådet ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Årets prisvinnar har ei sjeldan breidde og vinn prisen for dei to siste bøkene Norske malebøker og artikkelsamlinga Fotgjengar med fotnotar

Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Prisen er på 100 000 kroner i tillegg til eit diplom. Språkprisen blir delt ut på Språkdagen 2015 i Oslo Konserthus av styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet. Prisen blir delt ut annakvart år for bokmål og nynorsk.I år står nynorsk for tur. Prisen blir gjeven for einskildverk eller produksjonar frå dei fem siste åra og kan gå til personar eller grupper (institusjonar, bedrifter, organisasjonar).

Grunngjevinga for prisen

Einar Økland får prisen for Norske malebøker (2012) og Fotgjengar med fotnotar (2013). Juryen har lagt vekt på at Økland skriv bøker i nesten alle sjangrar. Han løfter fram kulturhistorie som andre bryr seg mindre om, og kvardagshendingar eller tilsynelatande marginale fenomen som vi har rundt oss. Stilleiet er umiskjenneleg hans eige, men samstundes tilgjengeleg og inkluderande. Utkantane vert sentrum i tekstane hans, både dei geografiske utkantane og utkantar i vår massemedietid.

– Einar Økland skriv godt og han skriv klokt. Gjennom sin skrivestil greier han å engasjere og skape nysgjerrigheit for dei tema han ønskjer å formidle kunnskap om, seier juryleiar Kjartan Vevle.

Einar Økland (f. 1940) er forfattar, dramatikar, lyrikar, kritikar, essyaist og psykolog. Økland har sidan 1963 gitt ut over seksti bøker for vaksne og barn innanfor mangfaldige sjangrar. Han er busett i Sveio kommune i Hordaland.

Dei nominerte til Språkprisen

Alfred Fidjestøl, Kristin Fridtun, Erna Osland, Morten Søberg, Øyvind Vågnes og Einar Økland var nominerte til Språkprisen 2015.

– Lista over nominerte til Språkprisen 2015 viser at ein finn godt nynorsk språk i alle sjangrar av sakprosa, skriven av både yngre og eldre og kvinner og menn. Det er eit godt teikn for framveksten av den nynorske sakprosaen, uttalar Vevle.

I dei seinare åra har tidsskriftet Vagant og forfattarane Gyrid Gunnes, Edvard Hoem, Erik Tunstad, Agnes Ravatn, Elisabeth Aasen, Stephen Walton, Kjartan Fløgstad og Karin Sveen fått Språkprisen.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...